From Wikipedia, the free encyclopedia
Papaya (Carica papaya) er ein tropisk treforma plante kjend for papayafrukta. Han høyrer til den biologiske slekta Carica og familien Caricaceae, som også omfattar fleire andre matplantar.
Papaya | |
Papaya | |
Status | |
Status i verda: Datamangel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Papayafamilien Caricaceae |
Slekt: | Carica |
Art: | Papaya C. papaya |
Vitskapleg namn | |
Carica papaya |
Papaya stammar frå Sentral- og nordlege Sør-Amerika.[1][2] Det veks ville papayaplantar i regnskogen i Mexico, men dei er truga av habitattap.[3] Planten blir dyrka i ei rekkje tropiske område, og veks forvilla i Karibia, Florida og i fleire afrikanske land.[1] Dei to største produsentlanda av papaya i dag er India og Brasil, som saman står for rundt 57 % av verdsproduksjonen.
Papayplanten kan bli 5-10 meter høg. Stammen blir aldri heilt forveda, men held seg urteaktig. Planten har som regel berre ein stamme, dersom denne ikkje er blitt kutta. I toppen sit ein rosett med langskafta, skinande blad med sju flikar. Blada er store, med ein diameter på 50-70 cm.
Papayaplantar kan ha ho- eller hannblomar, nokre plantar ber begge deler.[4] Hannblomen er langskafta og hoblomen kortskafta. Blomane er lysegule og sit i lause, skjermaktige standar mellom blada i krona. Fruktene er store og avlange med ei lengd på 15–45 cm. Dei er først grøne i skalet og blir gul eller oransje når dei mognar. Fruktkjøtet er oransjeraudt og frøa er grønsvarte.
Land | Produksjon i millionar tonn | |||
---|---|---|---|---|
India | 5,5 | |||
Brasil | 1,6 | |||
Indonesia | 0,9 | |||
Nigeria | 0,8 | |||
Mexico | 0,8 | |||
Verda | 12,4 | |||
Kjelde: United Nations Food and Agricultural Organization, FAOSTAT [5] |
Papaya er ein gammal kulturplante som blei dyrka i vekstområdet lenge før europearar kom til staden.
Mogen papaya har søtt og velsmakande fruktkjøt. Frukta kan etast åleine eller brukast til is, godteri eller syltetøy. Grøn papaya kan brukast som grønsak, til dømes i grøn papaya-salat (thai som tam). Også blad, blomar og frø kan etast. Blada kan til dømes dampast og etast som spinat. Frøa har ein skarp, krydra smak.[2]
Tørka saft frå frukta som inneheld papain blir vunne ut gjennom at ein skjer umogna frukter og samlar det som samlar seg i såra. Papain er eit proteindelande enzym og blir mellom anna brukt til å mørna kjøt og som lækjemiddel ved fordøyingsvanskar. Innan industrien blir papain brukt for å hindra krymping av silke og ull.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.