«Oh Shenandoah» (òg kalla berre «Shenandoah» eller «Across the Wide Missouri») er ein tradisjonell amerikanskfolkesong av ukjent opphav, datert til tidleg på 1800-talet.
Songen verkar å ha oppstått hos kanadiske og amerikanske reisande eller pelshandlar som reiste ned Missourielva i kanoar, og har utvikla seg med fleire forskjellige tekstar. Nokre tekstar viser til oneidahøvdingenShenandoah og ei kanofarande kjøpmann som ønskte å gifte seg med dottera hans. Midt på 1800-talet hadde songen blitt ein sjanti som vart sungen av sjømenn kring om verda.
Songen har nummer 324 i Roud Folk Song Index. Medlemmmar av Western Writers of America valde songen til ein av dei hundre beste western-songane gjennom tidene.[1]
Heather Alexander på Arms of the Sea (Sea Fire Productions, 2006)
Dave Alvin på Public Domain: Songs From the Wild Land (Hightone Records, 2000)
Bobby Bare på Darker Than Night (Plowboy Records, 2012)
Harry Belafonte på ein singel i 1952 og på Belafonte at Carnegie Hall (RCA Records, 1959)
David Berkeley på Some Kind of Cure (2011)
Glen Campbell på The Artistry of Glen Campbell (Capitol, 1972)
Celtic Woman på Celtic Woman: A New Journey (Manhattan, 2007)
Chanticleer på Out of This World (1994) og Chanticleer: A Portrait (Teldec, 2003)
Liam Clancy, på The Wheels of Life (2008)
Paul Clayton på Whaling and Sailing Songs from the Days of Moby Dick (Allmusic, 1956)