amerikansk skodespelar og songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Harry Belafonte (1. mars 1927–25. april 2023) var ein jamaicansk-amerikansk songar og skodespelar. Han var særleg kjend for å ha gjort den melodiøse og rytmiske calypso-musikken frå dei karibiske øyane verdskjend på 1950- og 1960-talet, men han song òg balladar, viser, negro spirituals, musikalnummer og anna, framført med ein karakteristisk mjuk og varm stemme. Belafonte brukte òg kjendisstatusen sin for å fronte kampen for menneskerettar.
Belafonte vart fødd i Harlem i New York City som son av Harold George Bellanfanti sr. frå Martinique og Melvine frå Jamaica. Belafonte fekk namnet Harold George Bellanfanti jr. etter faren. Frå 1932 til 1939 budde han hos bestemora på Jamaica.
Etter opphaldet på Jamaica kom han attende til New York, der han gjekk på George Washington High School, deretter gjekk han inn i US Navy under andre verdskrigen. Belafonte var ei aktiv støtte av den amerikanske borgarrettsrørsla og var sidan særs involvert i veldedigheitsarbeid og politisk aktivisme.
På slutten av 1940-talet gjekk han på teaterskole og fekk deretter jobb ved ulike teater. For innsatsen sin i musikalen Almanac vann han ein Tony, som vert sagt å vera teateret sin Oscar.
Harry Belafonte er kanskje mest kjend for sin fremføring av «Banana Boat Song», med det kjende uttrykket «Day-O». Gjennombrotalbumet hans Calypso (1956) var det første albumet som selde over 1 million eksemplar. Han var den første afro-amerikanaren som vann ein Emmy-pris, med det første TV-programmet sitt Tonight with Belafonte.
Harry Belafonte har i tillegg til å spela inn ei mengd plater og heldt konsertar. Han spelte òg fleire rollar på teater, i filmar og i fjernsynsproduksjonar. I 2000 vart han tildelt Grammy Lifetime Achievement Award for bidraga sine i platebransjen. Han har dessutan blant anna fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Belafonte er innehavar av den sørafrikanske Ordenen O. R. Tambos følgjevener.
Harry Belafonte var ein nær medarbeider av Martin Luther King jr. på 1960-talet og bidrog økonomisk til hans borgerettighetkampanjer. Belafonte er òg vorte utnemnd til goodwill-ambassadør for UNICEF.
Belafonte har dei siste åra markert seg som skarp motstandar av amerikansk utanrikspolitikk.
I 2011 kom Sing Your Song, ein dokumentarfilm om Harry Belafontes karriere og liv.
Ei av døtrene til Harry Belafonte, Shari Belafonte, er fotograf, skodespelar og modell.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.