![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b7/New_Siberian_Islands_map.png/640px-New_Siberian_Islands_map.png&w=640&q=50)
Nysibirøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nysibirøyane (russisk: Новосибирские острова, Novosibirskije Ostrova) er ei øygruppe nord for Aust-Sibir mellom Laptevhavet og Aust-Sibir-havet. Dei høyrer til republikken Sakha i Russland.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b7/New_Siberian_Islands_map.png/640px-New_Siberian_Islands_map.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6c/NewSiberianIslands.png/220px-NewSiberianIslands.png)
Sjølve Nysibirøyane eller Anzjuøyane, dekkjer eit landområde på om lag 29 000 km² og består av
- Kotelnyjøya (о. Котельный) 11 700 km² og Faddejevskijøya (о. Фаддеевский) 5300 km². Desse er eigentleg del av same øy og er knytt saman av ei slette som heiter Bunge Land (земля́ Бунге) 6200 km², som ligg så lågt over havet at ho stundom er oversvømd. Like nordvest for Bunge Land ligg to øyar, Zjeleznjakovøya (Ostrov Zjeleznjakova) og Matarøya. Begge desse er om lag 5 km lange.
- Nanosnyjøya 76.283°N 140.416°E / 76.283; 140.416 er ei lita øy nord for bukta mellom Kotelnyj og Bunge Land. Ho er forma som ein C og er 4 km lang. Ho er den nordlegaste øya i Nysibirøyane.
- Novaja Sibir (о. Новая Сибирь) 6200 km²
- Belkovskijøya (о. Бельковский) 500 km²
I sør og nærare kontinentet ligg Ljakovskijeøyane (6095 km²):
- Bolsjoj Ljakhovskij (о. Большой Ляховский) 4600 km²
- Malyj Ljakhovskij (о. Малый Ляховский) 1325 km²
- Stolbovojøya (о. Столбово́й) 170 km²
- Semjonovskijøya (о. Семёновский) 0 km² (no under vatn)
Den vesle øygruppa De Long-øyane (228 km²) ligg nordaust for Novaja Sibir. Desse øyane vert ikkje alltid rekna som ein del av Nysibirøyane:
- Jeannetteøya (о. Жанне́тты)
- Henriettaøya (о. Генрие́тты)
- Bennettøya (о. Бе́ннетта)
- Vilkitskijøya (о. Вилькицкого)
- Zjokhovøya (о. Жохова)
Nysibirøyane er lågtliggande og det høgaste punktet er Malakatyn-Tas på Kotelnyjøya med ei høgd på 374 meter over havet.
Nysibirøyane var ein gong store åsar på Den store arktiske sletta som ein gong danna den nordlege delen av Beringia i sein kvartær mellom Sibir og Alaska under Siste glasiale maksimum. Desse øyane er det som er att av ei om lag 1,6 millionar kvadratkilometer stor slette som i dag ligg under Nordishavet, Aust-Sibir-havet og Laptevhavet. I perioden rundt siste glasiale maksimum var havnivået 100-120 meter under dagens havnivå og kystlinja låg 700-1000 km lenger nord enn i dag. Det var ikkje mykje is på sletta i denne perioden fordi ho låg i regnskuggen til isbreane som dekte Nord-Europa. Det meste av Den store arktiske sletta kom under vatn, bortsett frå Nysibirøyane og andre isolerte øyar, over relativt kort tid, om lag 7000 år, under tidleg eller midt i holocentida.[1][2][3]
I det ekstremt kalde polarklimaet under Siste Glasiale Maksimum, for 17 000-24 000 år sidan, vart det danna små passive isbrear på De Long-øyane. Delar av denne isen er bevart på Jeannette, Henrietta og Bennettøyane. Spor av tidlegare isbrear er bevart på Zjokovøya i form av fjellsider, dalbotnar og is under overflata.[1][4][3]