Norddal er ein tidlegare norsk kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust, og Stranda i sør og vest. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Stordal kommune til Fjord kommune.

Thumb
Utsikt over Norddalsfjorden, Hauge og Ruset på åsryggen, Fjørå og Vika nedanfor, Osvika på andre sida, Eidsdal og Linge i bakgrunnen.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Norddal kommune
kommune
Thumb
Thumb
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Valldal
Areal 944 km²
   land 902 km²
   vatn 42 km²
Målform nynorsk
Ordførar Arne Sandnes (Sp)
Kommunenr. 1524
Thumb
Norddal kommune
62.292222222222°N 7.4383333333333°E / 62.292222222222; 7.4383333333333
Thumb
Kart som viser Norddal kommune.
Kart som viser Norddal kommune.
Wikimedia Commons: Norddal
Nettstad: www.norddal.kommune.no
Lukk

Bygder i kommunen var Eidsdal, Fjørå, Tafjord, Valldal, og Norddal (Dalsbygda). Kommunesenteret låg på Sylte i Valldal. Det er grunnskular i Valldal og Eidsdal, næraste vidaregåande skule er Stranda. Norddal er også prestegjeld med kyrkjer på Sylte og i Dalsbygda.

Kommunen var ein av dei store jordbrukskommunane på Sunnmøre. I kommunen vert det dyrka mellom anna korn, jordbær og aprikos. I kommunevåpenet finn ein att jordbæra. Norddal kommune, og særskilt Tafjord, er kjent for relativt mildt klima og vill natur. Alle bygdene unnateke Fjørå er djupe dalar. Tafjord Kraft nyttar fallhøgdene i Tafjordvassdraget (og Muldal) og nedbørsfeltet i Tafjordfjella til produksjon av elektrisitet.

Langs Tafjorden, innover Sunnylvsfjorden og utetter Storfjorden var det ei rad veglause fjord- og fjellgardar, til dømes Skrenakken, Verpesdalen og Smoge. Alle gardane var fråflytta før 1960. Storfjordens venner driv vern av desse kulturminna.[1]

Namnet

Namnet Norddal (med litt varierande skrivemåte) har vore brukt i minst 400 år, både om den vesle bygda Norddal (ofte kalla Dalsbygda) og heile kommunen/prestegjeldet. Opphavet til namnet er uklart. Ei hypotese er at folk lenger sør (Ottadalen eller Nordfjord) kalla området for Norddalane (dalane i nord).[2] Norddal prestegjeld omfatta til 1861 også Geiranger og Sunnylven, medan Dale skipreide (tingstaden Dale i bygda Norddal) i tillegg omfatta Stranda og i ein periode også Stordal. Det eldre namnet for herredet var «Dalr» i følge Amund Helland.[3] Norddal kyrkje har og blitt kalla Dale kyrkje. Helland nytta namnet Norddal om bygda på sørsida, men skreiv samstundes «Dale eller Dalsbygden, som er den beboede strækning» av bygda Norddal.[3]

Geografi og klima

Størsteparten av kommunens areal er fjell, mark eller vidde over skoggrensa. Kommunen omfattar mellom anna delar av Tafjordfjella, Reinheimen nasjonalpark, Trollstigen landskapsvernområde og Geiranger-Herdal landskapsvernområde.[4] Om lag 0,5 % av arealet er utbygd område i bruk til bustader, vegar og andre installasjonar (vegar og anna infrastruktur utgjer halvparten av dette igjen). Kommunens areal fordelt på type eller bruk.[5]

Meir informasjon Bruk, km2 ...
Brukkm2
Utbygd4,60
Jordbruk14,48
Skog186,01
Våtmark5,03
Bart fjell309,59
Open fast mark348,05
Varig is og snø31,77
Ferskvatn43,97
Total943,54
Lukk

Om lag 90 % av fjellmassiva i Norddal er gneis med innslag av granitt.[6] Fjellet forvitrar grunna vatn, frost og varme dette skaper store og små steinras, særleg kjend er Tafjord-ulukka i 1934. Berggrunnen i Norddal er særmerkt med stort innslag av olivin som det og har vore utnytta kommersielt.

Norddal utgjer den aller inste og austlegaste delen av Sunnmøre og ligg dermed mellom mildt fuktig kystklimaet og tørt innlandsklima med kalde vintrar og varme somrar.[7] På grunn av fønvind[8] har samtidig Tafjord norske varmerekordar i vinterhalvåret med til dømes 17,9°C i januar (1989) og 21,8°C i november (2003).[9][10]

Meir informasjon Vêrdata for Tafjord (1961–1990), Jan ...
Vêrdata for Tafjord (1961–1990)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Døgnmiddeltemperatur °C 0,5 0,7 2,7 5,2 10,1 12,7 13,9 13,7 10,5 8 3,6 1,3 2,6
Kjelde: [11]
Lukk

Folketalsutvikling

I 1870 var folketalet 2100, og dei neste 50 åra utvandra om lag 1100 frå bygdene i Norddal kommune. Valldal er den største bygda med om lag halvparten av folketalet, der har folketalet vore stabilt sidan 1910 medan busetnaden relativt sett har godt mest attende i Tafjord og Norddal.[12] I 1993 var 8,6 % av folkesetnaden i Norddal over 80 år, mot 3,9 % i heile landet og 4,3 % i Møre og Romsdal.[13] Børre Grønningsæter skreiv i 1840 at det i heradet var 184 «Gaardmænd», 64 «Pladsemænd» og 31 «Husmænd».[14]

Folketalsutvikling for Norddal kommune frå 1801:

Meir informasjon 1.12.1920, 1.12.1930 ...
1801[12] 1845[14] 1865 1890 1900[15] 1910 1.12.1920[16] 1.12.1930[17] 3.12.1946[17] 1.1.1951[18] 1.1.1961[18] 1.1.1971[18] 1.1.1981[18] 1.1.1991[18] 1.1.2001[18] 1.1.2010[18]
1361 1755 2089 2410 2397 2408 2493 2489 2477 2472 2267 2085 2096 2026 1954 1801
Lukk

Samferdsel

Fylkesveg 63 og fylkesveg 650 knyter bygdene saman med Åndalsnes i nord, Geiranger i sør og Ålesund i vest. Norddalsfjorden deler kommunen i ei sørside (Norddal/Dalsbygda og Eidsdal) og nordside (Tafjord, Fjørå/Selboskarbygda og Valldal) som har samband berre med ferje Eidsdal-Linge. Fram til Trollstigen opna i 1936 var fjorden viktigaste sambandet med omverda. Tunnelane mellom Linge og Liabygda (Overå) opna i 1975 og gav heilårs ferjefritt vegsamband frå Valldal langs Storfjorden til Ålesund.

Børre Grønningsæter skriv i sine dagbøker (på 1800-talet) at varebyttet «udføres af Sognets Indvaanere med Jekter og Baade, til Trondhiem og Bergen med Jekter, da der i Sognet eies og haves 5 gode Raaseiler Jekter. Disse indbringer ogsaa meget Fordel ind i Sognet til Eierne, da de aarlig faar fragter fra Aalesund og Øerne til Bergen med Fisk og Tran.» Frå midten av 1800-talet vart det mindre handel på Trondheim og tilsvarande meir på Ålesund og Kristiansund. Ålesund fekk bystatus i 1848 og Ålesund voks fram som sentrum for handelen i distriktet. Veblungsnes og Devold (Åndalsnes) var frå gamalt av ein viktig marknadsplass for bøndene i Norddal.[14]

Kjende folk frå Norddal kommune

Sjå òg

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.