Ivar Krohn Gunvald Kleiva (17. mai 19035. mai 1998) var ein lærar, forfattar og lokalhistorikar frå EidsdalSunnmøre, busett på Dalsøyra i Gulen kommune.

Kjappe fakta
Ivar Kleiva
StatsborgarskapNoreg
Fødd17. mai 1903
Død

5. mai 1998 (94 år)

Yrkepolitikar, skribent
Språknorsk
Politisk partiArbeidarpartiet
Lukk

Kleiva avla lærareksamen i 1926 og arbeida som lærar i Torsken frå 1927 til 1940. I løpet av denne perioden tok han også ex.phil. ved Universitetet i Oslo, latinkurs, kurs i revisjon og bokholderi, snikkarkurs ved Statens husflidskole, Blaker, og kurs i fagteikning for snikkarar. I krigsåra var han lærar i Haram, før han kom til Gulen i 1946. Deretter var han rektor ved Dalsøyra skule fram til pensjonsalder i 1970.

Kleiva sat i Gulen kommunestyre for Arbeiderpartiet i 25 år, ei rekke av desse åra som formannskapsmedlem. Han var også kommunerevisor, medlem av skulestyret og leiar av Gula lærarlag, Gulen Arbeiderparti, Gulen Mållag og ungdomslaget «Fridom». Dessutan var han i 20 år dirigent for songkor, mellom andre Dalsøyra songkor.

For si samfunnsnyttige teneste vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv. I 1954 mottok han litteraturprisen Melsom-prisen til fremje av nynorsk.

Ivar Kleiva er far til biletkunstnaren Per Kleiva, som har illustrert to av faren sine bøker.

Bibliografi

Bøker

I tillegg har han skrive kulturhistoria for Norddal kommune (Norddal bygdebøker III og IV)[1]

I tidsskrift - eit utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.