Fylkesveg 650
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fylkesveg 650 (Fv650) går mellom Sjøholt i Ålesund kommune og ferjestaden Linge i Fjord kommune. Vegen går langs nordsida av Storfjorden og har ei lengd på 40,2 km. Strekninga mellom Sjøholt og Linge er utan ferje, men tilknyting til 60 over Storfjorden med ferje frå Liabygda ferjekai på Gravaneset.
- Sjå òg Fylkesveg 650 (fleirtyding)
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.
Historie
Store delar av strekninga var tidlegare ferjestrekke. Før vegen til Dyrkorn var ferdig i 1939 var det korrespondanse mellom fjordabåten og rutebil ved Vaksvik, innanfor Vaksvik gjekk all trafikk med fjordabåt.[1] Fram til vegen mellom Dyrkorn og Stordal var ferdig gjekk ferjene frå Dyrkorn og innover heile Storfjorden. Tunnelar mellom Linge og Overå (Liabygda) vart opna i 1975, og «Gravanesvegen» med ny ferjekai vart opna 1. juli 1979. Etter dette var det ikkje trong om ferje på langs av Storfjorden. Ved opninga av Tafjordvegen i 1982 vart det samanhengande køyreveg på nordsida av Storfjorden frå Ålesund til Tafjord. I 1962 gjekk det ferjer på tvers og på langs av fjorden slik: Stordal-Stranda-Overåneset-Eidsdal-Valldal (Sylte)-Norddal (Dalsbygda)-Fjørå-Tafjord. I 1982 var det berre to korte fjordkryssingar igjen: Stranda-Liabygda og Linge-Eidsdal.[1]
Vegen mellom Dyrkorn og Stordal var ferdig 21. juli 1956 etter at byggearbeidet tok til omkring 1946-47.[2][3] Strekninga mellom Dyrkorn og Stordal vart etter ei tid utbetra med ein kort tunnel, som i 1998 vart erstatta av nok ein tunnel, nye Stordalstunnelen. Saman med Dyrkorntunnelen (opna 2003) er dette lekk i rassikring av fylkesveg 650.[4] I 1985 opna nye Visettunnelen som erstatta køyreveg og gamle Visethammaren tunnel (340 m) bygd 1930-1938.[3] Det første vegen Vaksvik-Dyrkorn vart stort sett bygd for hand i det svært bratte og vanskelege terrenget, fleire stader vart vegen bygd på 6-10 meter høge murar.[5] Ved drivinga av Visethammaren tunnel tok ein i bruk borremaskin for første gong i fylket.[3] Frå 1941 vart vegen Sjøholt-Dyrkorn klassifisert som riksveg.[1]
Ørnevegen mellom Eidsdal og Geiranger opna i 1956 og vart heilårsveg frå 1960. Etter dette vart vegsambandet Overåneset-Sjøholt særs viktig for Geiranger og bygdene i Norddal kommune.[1]
Kommunar og knutepunkt

Foto: Halvard Hatlen

Foto: Halvard Hatlen
Møre og Romsdal
Sjøholt
- Fv103 frå Giskemo til
Gjerde (1,5 km)
- Fv102 frå Vaksvik til Sportskapellet (4,2 km), vidare Kjersem i Tresfjord
Visettunnelen (1111 m)
- Dyrkorn
Stordalstunnelen (3530 m)
- Stordal
- Fv101 frå Mo til Øverøyane (Overøye) (9,0 km)
Vad bru (ca. 80 m)

Foto: Halvard Hatlen
- Stavseng - høgaste punktet på vegen
- Arm frå Ringset til Stranda («Gravanesvegen» er 3,1 km til ferjekaia)
- Lid (grend i Liabygda)
Utsiktspunkt mellom Lid og Overå
- Overå
Overåtunnelen (1573 m)
Bakgrunnsstoff og kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.