From Wikipedia, the free encyclopedia
Muskat eller muskatnøtt (Myristica fragrans) er eit tre i muskatnøttfamilien, og er kjend for frukta si som blir brukt til krydder og parfyme.[1]
Muskat | |
Muskat | |
Status | |
Status i verda: Datamangel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Magnoliales |
Familie: | Myristicaceae |
Slekt: | Myristica |
Art: | Muskat M. fragrans |
Vitskapleg namn | |
Myristica fragrans Houtt., 1774 |
Muskatnøtt-treet kjem frå Molukkane og blei tidlegare nesten berre dyrka på Bandaøyane. I dag blir treet dyrka i alle tropiske område, særleg i Søraust-Asia og Karibia. Slekta Myristica omfatter ca. 100 artar, dei fleste i tropisk Asia. Muskatnøttfamilien er i nær slekt med laurbærfamilien.[1]
Treet er eviggrønt og har einkjønna blomar - hannblomane sit på ett tre og hoblomane på eit anna. Frukta er stor og pæreforma med eit tjukt, kjøtfullt lag kring det valnøttstore frøet. Ved mogning sprekkjer det kjøtfulle laget, og frøet kjem til syne. Det er omgjeve av ei raud, flika frøkappe som blir raudgul eller raudbrun når ho tørker, og utgjer muskatblomme eller macis. Frøskalet innanfor frøkappen omsluttar frøkjernen, som blir kalla muskatnøtt. Eteriske oljer der myristicin er den viktigaste gjev muskatblomme og muskatnøtt ei sterk aromatisk lukt og skarp brennande smak.[1]
Innan indonesisk matlaging bruker ein muskatnøtt i ei rekkje retter,[2] særleg i krydra supper som soto, konro,[3] oksehalesuppe, sup iga, bakso og sup kambing. Det blir også brukt i sausen til kjøtretter som semur og europeisk-inspirerte retter som bistik (beef steak), rolade og bistik lidah. Muskatblomme har ein mildare smak enn muskatnøtt, og blir ofte brukt i dessertar. Fruktkjøtet frå muskatfrukta blir brukt til å laga søtsaker (manisan) i Indonesia. Ho kan etast våt i ein søt sirupsaus, eller tørka og dekt av sukker i dessertar som manisan pala. Det kan også malast rått til jus eller kokast til ei brunare, søtare saft.
Innan indisk mat bruker ein muskatnøtt både i søte og salte retter, særleg i mughlaimat. Krydderet kan også inngå i små mengder i krydderblandinga garam masala. Malen muskatnøtt kan også røykast i India.[4] I Malabar-regionen i India blir fruktkjøtet brukt til jus, pickle og chutney.[4]
I europeisk matlaging har ein tradisjonelt brukt muskatnøtt til å krydra kaker og muskatblomme i salte retter. Muskatblomme var gjævare enn muskatnøtt i mellomalderen.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.