Eterisk eller flyktig olje er ei kompleks blanding av esterar, alkoholar, aldehydar, ketonar og terpenar. Eteriske oljer kjennast ved at dei er flyktige og luktsterke. Dei er lite vassløyselege, men løyser seg godt i alkoholar, feitt og oljer.

Thumb
[Ei flaske eterisk olje av eukalyptus.

Plantar med høgt innhald av eteriske oljer vert bruka som krydder eller smakstilsetjing i mat og brennevin. Elles inngår eteriske oljer i parfyme og som smakstilsetjing i lækjemiddel. Bortsett frå dei små mengdene som finst i krydder, skal eteriske oljer brukast utvortes.

Ein vinn ut eteriske oljer frå aromatiske plantar. Utvinninga kan til dømes skje ved kaldpressing, destillasjon eller ekstraksjon.

Oljene kan trengje inn i kroppen gjennom huda, lungevevet eller mage- og tarmkanal. Oljene kan stimulere kroppsorgan ved å auke blodgjennomstrøyminga i muskelvevet, og dei kan verke antibiotisk. Dette vert utnytta ved aromaterapi. Dei eteriske oljene irriterer slimhinner, augo og hud. I tillegg gjev nokre eteriske oljer risiko for systemisk forgifting ved inntak gjennom munnen, inhalasjon eller langvarig hudkontakt. Oljene kan òg gje hudirritasjonar eller vere allergiframkallande.

Døme på eteriske oljer

  • Eukalyptusolje finst både i rein form og som tilsetjingsstoff i mange ulike produkt, spesielt brukt mot luftvegsplagar. Eukalyptusolje er blant dei giftigaste eteriske oljene, inntak av 1 ml har gjeve forbigåande koma hos barn
  • Kamfer
  • Kaneolje
  • Nellikolje har vore bruka for å kurere tannverk
  • Nåletreolje/terpentin vert først og fremst brukt som fortynningsmiddel i måling.
  • Peppermynteolje er mykje brukt som smakstilsetjing i næringsmiddel
  • Sitronelleolje/sitrongrasolje ert bruka som middel mot insekt
  • Tetreolje/melaleucaolje har antiseptiske eigenskapar og og vert bruka mot hudlidingar og som antibakterielt middel
  • Vintergrønolje finst blant anna i smertestillande preparat meint til bruk på huda
  • Roseolje vert bruka i parfyme

Kjelder


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.