Modi'in-Maccabim-Re'ut
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Modi'in-Maccabim-Re'ut (hebraisk skrift מוֹדִיעִין-מַכַּבִּים-רֵעוּת) er ein by som delvis ligg i Israel og delvis i ingenmannsland mellom Israel og den israelskokkuperte Vestbreidda.[2][3] Han vart grunnlagd i 2003 då Modi'in og Maccabim-Re'ut vart slått saman. Modi'in ligg kring 35 km søraust for Tel Aviv og 30 km vest for Jerusalem, og har samband til desse via hovudveg 443. I 2008 var folketalet 75 000.[4]
Modi'in-Maccabim-Re'ut | |||
מוֹדִיעִין-מַכַּבִּים-רֵעוּת | |||
by | |||
|
|||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 31°54′27.55″N 35°0′27.41″E | ||
Areal | 50,176 km² | ||
Folketal | 74 300 (2010)[1] | ||
Folketettleik | 1 481 / km² | ||
Grunnlagd | 2003 (samanslåing) 1993 (Modi'in) 1985 (Maccabim) 1987 (Re'ut) | ||
• Bystatus | 2003 | ||
Borgarmeister | Haim Bibas | ||
Modi'in-Maccabim-Re'ut 31.933888888889°N 34.985555555556°E | |||
Kart som viser Modi'in-Maccabim-Re'ut.
| |||
Wikimedia Commons: Modi'in-Maccabim-Re'ut | |||
Nettstad: http://www.modiin.muni.il | |||
Namnet «Modi'in» kjem frå landsbyen «Modi'im» av høgstepresten Mattathias og dei fem sønene hans, som låg i området som den moderne byen ligg. Namnet «Maccabim» er hebraisk for makkabearane og er eit vanleg kallenamn for Mattathias og dei fem sønene hans.
Det gamle Modi'in var staden det jødiske hashmoneiske dynastiet oppstod. Dei regjerte over Judea i det første og andre hundreåret fvt., og er staden der Makkabearopprøret mot dei greske selevkidane starta.
Dagens Modi'in ligg på staden nær den gamle Modi'in som vart skildra i Talmud, men den eksakte plasseringa er uviss. Mogelege stader er Suba, Umm el-'Umdan nær Hovudveg 20 til Canada Park og Latrun, al-Midya og Khirbet el-Burj (Titura).[5][6][7]
Bygginga av dagens Modi'in starta i 1993. Han er ein moderne planlagd by med høg standard for byplanlegging. Miljøsaker og framtidi vekst vart teken omsyn til tidleg i planlegginga. Grøne område var ein del av byplanen og utgjer 50% av området innafor bygrensene. Det langvarige målet er å få innbyggjartalet opp i 240 000. Så langt er det godkjend planar for 120 000 innbyggjarar.
Modi'in har vorte ein magnet for innbyggjarar i Jerusalem som er misnøgd med det veksande Haredi-preget til hovudstaden.[8] Tusenvis av innbyggjarar frå Rosh HaAyin, Lod og Ramla har òg flytta til Modi'in.[8] I 2008 vart det avgjort å stoppe veksten til Modi'in slik at Lod og Ramla kunne få utvikle seg.[8] Byen vart planlagt av den kjende arkitekten Moshe Safdie.
Prosjektet som grunnla Maccabim i 1985 vart leia av den internasjonale Maccabi-organisasjonen, medan den nærliggande Re'ut vart grunnlagd i 1987 av offiserar frå Det israelske forsvaret. Stadane vart slått saman til Maccabim-Re'ut i 1990.
Modi'in-Maccabim-Re'ut er venskapsby med:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.