Michael Lerner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Michael Lerner er ein Jewish Renewal-rabbinar, politisk aktivist og redaktør av det venstreorienterte tidsskriftet Tikkun. Han var leiaren av den vidkjende anti-Vietnamkriggruppa Seattle Liberation Front (òg kjend som «The Seattle Seven»). Dei høgprofilerte og politisk svært venstreorienterte synspunkta hans blir oppfatta som svært kontroversielle av mange innanfor meir høgreorienterte jødiske krinsar. I samband med dette blir ofte statusen hans som rabbinar trekt i tvil, sjølv om han fekk denne ved semikhá (personleg ordinasjon) frå rabbinar Zalman Schachter-Shalomi — ein rabbinar med semikhá frå Chabadrørsla.
- Denne artikkelen handlar om rabbinaren Michael Lerner. For andre personar med same namn, sjå Michael Lerner (fleirtyding).
Kjappe fakta
Michael Lerner | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 7. februar 1943 (81 år) Newark |
Yrke | rabbinar |
Språk | engelsk |
Religion | Jødedommen |
Michael Lerner på Commons |
Lukk