Venstresida
From Wikipedia, the free encyclopedia
Når ein snakkar om politikk er Venstresida ei skildring av kva for politisk retning ein person eller eit parti tradisjonelt sett høyrer til. Utanom Venstresida snakkar vi, i tradisjonell politikk, òg om Sentrum og Høgresida.
Nemningar som inneheld ordet venstre blir ofte bruka i samansetningar, som venstreorientert (positiv eller nøytral nemning), venstrevridd (negativt) eller venstreekstrem (svært negativt).