From Wikipedia, the free encyclopedia
Levermosar (Marchantiophyta) er ei planterekkje av landplantar. I likskap med andre mosar vantar dei ekte leiingsvev, og det er den haploide gametofytten som er den sjølvstendige, fotosyntetiserande organismen.
Levermosar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Levermosar Marchantiophyta Stotler & Crand.-Stotl., 2000 |
I likskap med bladmosar og nålkapselmosar vantar levermosar stoffet lignin, og kan difor ikkje danna ekte leiingsvev. Dette avgrensar storleiken deira, då det er ugreit å transportera væske. Flestalle levermosar er mindre enn 10 cm lange, og som regel 2-20 mm breie.[1]
Levermosar veks både som thallus, eller med bladvokster. Blada på levermosar er gjerne ikkje differensiert frå stengelen, og er aldri meir enn ein celle tjukke. Blada er ofte kuppelforma, og vantar costa (sentral streng).
Somme artar har archegonia og antheridia veksande som separat organ (ofte hjå artar med bladvokster), hjå andre ligg dei inne i thallusen. Somme artar har både organ på same planta, andre er særkjønna (anten hann- eller hoplante).
Hjå levermosar, som hjå alle mosar, er det den haploide gametofytten som er den sjølvstendige organismen. Gametofytten dannast frå ein spore. Gametofytten dannar hannleg antheridium og holeg archegonium. Antheridia dannar spermatocyttar, som igjen dannar spermceller. Desse har hjå alle artar to flagellar, som gjer at dei kan symja korte avstandar.[2] Hjå somme artar er det spermcella som sym frå eine planten til hine; hjå andre er det sjølve spermatocytten som sym.
Spermcella og eggcella (som vert danna i archegoniet) produserer ein diploid zygot. Til skilnad frå algar veks zygoten inne i archegonieskalet. Zygoten deler seg og vert til eit embryo, som så dannar sporofytten. Til skilnad frå andre landplantar kan ikkje sporofytten produsera eiga næring, og lever parasittisk på gametofytten. Det er sporofytten som slepp ut sporane. Desse er haploide, og er difor meiosporar.
Det er ikkje visst kor mange levermoseartar som finst, men dei fleste overslag ligg på mellom 5000 og 10000 artar. I Noreg finst det rundt 300 artar.[3] Mange artar har vorte skildra fleire gonger, utan at dette er klårt, som truleg gjer talet høgare enn det i røynda er. Samstundes er det truleg mange artar som ikkje har vorte oppdaga enno.
Levermosar finst i dei fleste økosystem på jorda. Dei kan ikkje leva i vatn. Mangelen på lignin gjer at levermosar har mindre effektivt vern mot UV-stråling, som gjer at dei ikkje kan leva på stader med veldig intenst solljos. Flestalle levermosetypar tek til seg vatn gjennom planteyta, og treng difor ein del nedbør. Ein annan faktor som bind levermosar til fuktige område er at spermcellene eller spermatocyttane treng vatn for å koma seg frå ein plante til ein annan.
Levermosar er truleg mellom dei fyrste utviklingsstadia hjå embryofyttar (landplantar). Mellom anna vantar alle levermosar stomata på sporofyttane. Difor er det truleg at levermosar byrja å utvikla seg i ei anna lei enn andre embryofyttar før stomata vart utvikla.
Opphavleg vart levermosar, nålkapselmosar og bladmosar klassifisert i same rekkje, Bryophyta. I dag reknar ein med at karplantane òg er sprungne ut av denne gruppa, noko som gjer Bryophyta parafyletisk. I dag er Bryophyta namnet på rekkja som inneheld bladmosar.
I dag klassifiserer ein levermosar i rekkja Marchantiophyta, ogso kalla Hepaticophyta. Marchantiophyta var tidlegare delt inn i to klasser:
Nyleg har ein tredje klasse, Haplomitriopsida, vorte definert. Her finn ein blad-dannande artar utan rhizoid, og ein del artar med bladliknande thallus, mellom anna tussemose (Haplomitrium hookeri), som òg veks i Noreg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.