Lattertrastfamilien, Leiothrichidae, er ein nyleg anerkjent familie av meir enn 130 artar sporvefuglar som lever i den afrotropiske regionen, den orientalske regionen og dels i sørlegaste del av den palearktiske regionen. Han blei oppretta etter fylogenetiske studiar i av den tidleare timalfamilien som var kjent for å vere sett saman av ikkje-relaterte takson.

Kjappe fakta
Lattertrastfamilien
Thumb
Safrantimal, Leiothrix lutea
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Lattertrastfamilien Leiothrichidae
Swainson, 1832
Lukk

Leiothrichidae er eit av fire nye takson som dukka opp i studiane til Gelang et al. 2009.[1] Familien kom med i Clementslista frå versjon 6.6 i august, 2011 under namnet 'Laughingthrushes' på engelsk.[2]

Skildring

Thumb
Bilete av kritisk truga bugunlattertrast, Liocichla bugunorum, på indisk frimerke
Thumb
Kritisk truga blåkronelattertrast, Pterorhinus courtoisi, i fuglepark i Praha

Per 2024 samlar lattertrastfamilien 133 medlemmer, ei gruppe av sporvefuglartar med stort mangfald i utsjånad. Samanlikna med andre medlemmer i det tidlegare samletaksonet for timalar, Timaliidae, er artane i den «nye» lattertrastfamilien generelt større og har lengre halar. Mange av medlemmene ligg i området 20-28 cm i kroppslengd, men spenner frå ca. 13 cm for raudhaleminla, Minla ignotincta, (lever frå Nepal til sentrale Kina) til 35,5 cm for kjempelattertrast, Ianthocincla maxima, i sentrale Kina.[3]

Fjørdrakta deira varierer stort, alt frå slåande svart-kvitt-mønster til blandingar av brunt, rosa og grønt, gjerne med mindre flekker eller markeringar i kraftige farger. Det finst likevel nokre artar med kamuflerande drakter i diffust grått og brunt, eit døme er arabarskrikjetrast, Argya squamiceps, som lever i tørre område på Den arabiske halvøya.[3]

Utbreiing, habitat og føde

21 artar lever i fragmenterte område av Afrika sør for Sahara. Tre av desse artane er i Argya, dei andre gjer ut for det meste av Turdoides-slekta. Utanfor Afrika lever Leiothrichidae-artane frå Midtausten i vest austover til Indre Mongolia, Kina, i nordaust og Java i sør. Seks artar lever i høgtliggande område på øyane i Søraust-Asia. Lengst sør finn ein vulkantimal (Laniellus albonotatus) på vestlege Java, ikkje langt frå Jakarta. Den nordlegaste arten er kinalattertrast (Pterorhinus davidi) som lever frå sentrale Kina opp mot nordlege Indre Mongolia-regionen av Kina. Mellom yttergrensene lever mange artar i Himalaya og Tibet, på det indiske subkontinentet og over fastlandet av Søraust-Asia.[4]

Habitatpreferansane til medlemmene i lattertrastfamilien varierer mykje. Medan dei afrikanske artane vanlegvis treffast på savannar og opne skogområde med Acacia, føretrekkjer dei fleste asiatiske artane tettare, skogkledde område, inkludert regnskogar.[5]

Desse fuglane et først og fremst insekt og andre små leddyr, men dei større artane et også små virveldyr. I tillegg til insekt, et mange Turdoides-artar frukt, frø og nektar. Dei søkjer ofte etter insekt på blad og greiner, men kan òg søkje etter virvellause dyr på bakken.[5]

Hekking

Dei fleste artane i lattertrastfamilien er monogame og syt for ungane saman som eit par. Nokon skrikjetrastar i Turdoides-slekta praktiserer likevel samarbeidande hekking, der fleire vaksne, inkludert seriemessige polygyne hannar, hjelpar til med å oppdra ungane, og nokre gonger vil to par hekke i same reir. Reira deira er vanlegvis bygd i krattvekstar eller tre, opne og koppforma, nokre gonger fora med røter og annan vegetasjon eller dekket med mose og lav for kamuflasje. Storleiken på kullet varierer mellom 2 og 6 egg, største kulla finn ein vanlegvis lengst nord. Begge kjønn i paret der del i å byggje reiret, ruge og å mate ungane. Artar der para samarbeider kan ha ekstra hjelparar til desse oppgåvene. Rugetida varer mellom 13 til 17 dagar, og ungane forlèt reiret etter 9 til 16 dagar, nokre gonger held ungane seg i reiret i opptil 21 dagar.[5]

Status og vern

Raudlista for lattertrastfamilien per 2022, fordeling over kategoriar ██ CR - kritisk truga 3 (2%)██ EN - sterkt truga 7 (5%)██ VU - sårbar 10 (8%)██ NT - nær truga 11 (8%)██ LC - livskraftig 101 (76%)██ Ikkje kategorisert 1 (1%)

32 artar, tilsvarande 24 prosent, er førte opp på IUCN si raudliste. 3 av desse er kategoriserte som kritisk truga:

  • Bugunlattertrast, Liocichla bugunorum
Lever på eit særs avgrensa areal i India, nær grensa til og aust for Bhutan. Berre 14 individ er observerte, den totale populasjonen er estimert til å ligge mellom 70 og 380. Trugsmåla for arten er trudd å vere skogsdrift og det som følger med.[6]
  • Raudpannelattertrast, Garrulax rufifrons
Saman med vulkantimal har han den sørlegaste utbreiinga i familien, på vestre del av Java. Storleiken på populasjonen er trudd å vere under 250 modne individ og minkande. Trugsmålet mot arten er først og fremst fangst for burfuglhandel. Klimaendringar og vulkansk aktivitet i området kan også ha negativ verknad.[7]
  • Blåkronelattertrast, Pterorhinus courtoisi
50-250 modne individ lever i Wuyuan-området av Jiangxi-provinsen i Kina. Populasjonen er minkande. Trugsmålet mot arten er fangst for burfuglhandel og generell mangel på vernetiltak.[8]

Taksonomi

Sjå òg komplett artsliste

Kladogrammet nedanfor viser dei fylogenetiske forholda mellom slektene i familien Leiothrichidae basert på ein studie av Alice Cibois og medarbeidarar publisert i 2018.[9]

Leiothrichidae


Grammatoptilastripelattertrast




Cutia – to artar kutiaer



Laniellus – to «timalar»







Trochalopteron – 19 lattertrastar




Montecincla – 4 lattertrastar




Actinodura – 9 gittervenger





Minlaraudhaleminla



Leioptilarustryggsibia





Leiothrix – to «timalar»




Liocichla – 5 lattertrastar



Heterophasia – 7 sibiar











Argya – 16 skrikjetrastar



Turdoides – 19 skrikjetrastar





Garrulax – 14 lattertrastar




Ianthocincla – 8 lattertrastar



Pterorhinus – 23 lattertrastar og babaksar







Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.