Kvinnerørsla
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvinnerørsla er ei brei rørsle som har kjempa dels for kvinnene sine rettar i samfunnet og dels for ei endring av fastlåste kjønnsroller. Rørsla kom til som eit resultat av lang tids undertrykking og undervurdering av kvinner i det vestlege samfunnet, i samanheng med tankane frå opplysningstida om at alle menneske har lik verd og like rettar. Rørsla har særleg vore viktig for kvinnesaka i Vesten, både ved at dei har vore hovuddeltakarane i henne, og ved at det er dei som har oppnådd mest av det ho har kjempa for. Resten av verda er òg blitt påverka av kvinnerørsla, men ofte på noko ulikt vis.
Kvinnerørsla har brukt mange middel for å prøva å nå måla sine, mellom anna demonstrasjonar, aksjonar og lobbyverksemd. Ho har både eksistert som ei laust organisert grasrotrørsle, og i ulike lag. Kvinnefronten og kvinnegruppa Ottar er dei best kjende av slike organisasjonar i Noreg.
Sidan byrjinga har rørsla blitt kritisert frå fleire kantar. Konservative krefter i samfunnet har mislikt all forandring, og gått til åtak mot sjølve ønsket om endring. Andre meiner at rørsla har tatt opp galne saker eller vore for konfronterande. Dette har mellom anna ført til at yngre kvinner og kvinnegrupper utanfor Vesten har prøvd å bryta banda til mykje av den opphavlege kvinnerørsla.
Kvinnerørsla har utvikla seg i nært samband til tankeretninga feminisme, og det dei som er med i rørsla, ønskjer å oppnå, blir omtala som kvinnefrigjering. Ho har hatt nære band til arbeidarrørsla, i og med at dei to rørslene har hatt mange samanfallande idear og mål, og til rørsler for homoseksuelle rettar, sidan desse òg set spørsmålsteikn ved vanlege kjønnsroller.