![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/19/Knut_Blom.jpg/640px-Knut_Blom.jpg&w=640&q=50)
Knut Blom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Knut Blom (14. februar 1916–6. februar 1996) var ein norsk jurist, advokat og høgsterettsdommar. Han var medlem av Høgsterett frå 1968 til 1986.
Knut Blom | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. februar 1916 Christiania |
Død |
6. februar 1996 (79 år) |
Yrke | dommar |
Ektefelle | Ådel Gjøstein Blom |
Knut Blom på Commons |
Blom var fødd i Kristiania (Oslo). Han tok examen artium i 1934, og blei cand.jur. i 1939. Han blei tilsett som fullmektig hos Carl Fridtjof Rode i Melbu same året, og overtok advokatkontoret då Rode blei kalla inn til militærteneste kort tid etterpå. Frå 1940 til 1942 var Blom dommarfullmektig i Jæren heradsrett, og frå 1942 var han advokatfullmektig hos Sven Arntzen, frå 1947 partner. Under den tyske okkupasjonen var Blom eit sentralt medlem av leiinga av Heimefronten.[1]
Blom arbeidde som advokat til 1968, og var forsvarar i Oslo byrett 1953 til 1956, Eidsivating lagmannsrett 1956-1965 og Høgsterett 1965 til 1968. Frå 1968 til han gjekk for aldersgrensa i 1986 var han høgsterettsdommar.[1] Han skreiv juridiske fagbøker, mellom anna Sakførerens rettslige Ansvar (1947) og Prisloven med kommentarer (1954).
Han blei dekorert med Deltakarmedaljen og i 1978 mottok han St. Olavs Orden. Han døydde i Oslo.[1]