Høgsterettsdommar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgsterettsdommar er den vanlege tittelen til ein dommar som er tilsett i den øvste domstolen i eit rettssystem (Høgsterett). Høgsterettsdommar er rekna som ein av dei mest prestisjefylte jobbane ein kan få som jurist, og dei som får ein slik jobb må ha vist seg særleg kvalifiserte i si yrkeskarriere. Vanlegvis prøver ein å få til at dommarane i ein høgsterett, som med dommarane i andre domstolar, skal ha ein variert bakgrunn. Både juristar med bakgrunn i offentleg forvaltning, påtalemakta og privat advokatverksemd bør såleis vere representert.