Høgsterett held til i Høgsteretts hus (den gamle Justisbygningen) i Oslo. Ein høgsterettsjustitiarius leier domstolen, som i tillegg har hatt 18 høgsterettsdommarar. I 2010 vart talet auka til 19, grunngjeve med stor arbeidsbyrde. I kvar enkelt sak blir retten sett med fem dommarar. Viktige saker blir behandla i storkammer, medan særs viktige saker kan behandlast i plenum der alle dommarar som ikkje har tenestefri eller er inhabile tek del.
Høgsterett blei oppretta 1815 etter heimel i Grunnloven sin §88, som seier at «Høiesteret dømmer i sidste Instans», eller i moderne nynorsk språkdrakt «Høgsterett dømmer i siste instans».[1] Noverande høgsterettsjustitiarius er Toril Marie Øie.
Høgsterettsjustitiarius
Toril Marie Øie, f. 1960 i Oslo, tiltredd 1. mars 2016 (tiltredde som dommar 1. august 2004)