Kinesisk keramikk er keramikk som er blitt laga i Kina sidan steinalderen og fram til moderne tid. Han omfattar alt frå murstein og takstein til dekorativt porselen.

Thumb
Ei krukke frå Jiajing-perioden (1521–1567) under Mingdynastiet.

Den tidlegaste kinesiske keramikken var leirgods, som ein har fortsett å laga for daglegbruk gjennom kinesisk historie, men stadig mindre for kunstføremål. Steintøy, som er brent ved høgare temperaturar og er vasstett, blei utvikla svært tidleg og har vore i bruk til finare gods i mange område i dei fleste periodar. Tebollar i Jian-keramikk og Jizhou-keramikk frå Song-dynastiet er nokre døme. Porselen vart funne opp i Kina, og vart ei viktig diplomatisk gåve og eksportvare.

Materialar

I hovudsak er kinesisk porselen laga av ei kombinasjon av følgjande materialar:

Historie

Tidleg utvikling

Thumb
Måla krukke frå Majiayao-kulturen, seint i yngre steinalder (3300–2200 fvt.)

Ein har funn keramikk datert til om lag 20 000 år siden i utgravingsstaden Xianrendong-hola i Jiangxi.[3][4] Eit anna funn frå Yuchanyan-hola i Sør-Kina er 17 000–18 000 år gammalt.[5]

På midten og seint i den kinesiske steinalderen (om lag 5000-1500 fvt.) laga dei fleste av dei større kinesiske kulturane varierte store kar, sterkt måla eller pynta med snitt eller innpressa mønster. Pynten kan vera abstrakt eller stilisert dyr - fisk er vanlege ved elvebusetnaden Banpo. Den særmerkte Majiayao-keramikken, oransje gods med svart måling, er kjenneteikna av sirleg tekstur, tynne sider og polerte overflater. Det nesten totale fråveret av defektar i utgrave gods tyder på sterk kvalitetskontroll under produksjonen.[6] Majiayao-kulturen og andre fasar av Yangshao-kulturen er også kjende frå museum i den vestlege verda. Allereie i Banshan-fasen vart lilla nytta saman med svart i begittingsteknikk.[7]

På 4000-talet fvt. vart dreieskiva funnen opp i Kina.[8] Nokre regionar i den vestlege verda hevdar at oppfinninga fann stad hos seg.[9]

Funn av kar har for det meste vore gjort i graver; nokre gongar inneheld dei leivningar. Frå tida 4100–2600 fvt. i Dawenkou-kulturen dukka det opp former som likner dei til seinare rituelle bronsekar. På ritualstaden Niuheliang langt nord fann ein talrike figurinar som førestiller menneske, nokre av dei i halvparten av verkeleg storleik.[10]

Så tidleg som 1000 fvt., under Shang-tida vart det laga porselensaktig keramikk, eller «protoporselen», med porselensjord som vart brent ved høg temperatur.[11]

Han-dynastiet, 206 fvt.–220

Thumb
Keramikk frå det vestlege Han-dynastiet

I følgje nokre kinesiske definisjonar vart det første porselenet laga i Zhejiang under det austlege Han-dynastiet. Skår frå arkelogiske funn tydar på at brennomnane i dét området var i bruk med temperaturar mellom 1260 og 1300 °C.[12] Arkeologiske funn tydar på at porselen vart laga så tidleg som Han-dynastiet, år 206 fvt.–220.[13]

Seint i Han-perioden utvikla ein kunstforma hunping («sjele-krukker»), gravkrukker der lokket var pynta av ein skulpturell komposisjon. Denne typen kar var utbreidd under Jin-dynastiet (266–420) og Dei seks dynastia (220–589).[14]

Sui-dynastiet og Tang-dynastiet, år 581–907

Thumb
Sancaifat frå seint på 600-talet eller tidleg 800-talet under Tang-dynastiet (618–907).

Frå byrjinga av Sui-dynastiet (581) til slutten av Tang-dynastiet (907) vart det mellom anna laga sancai-keramikk, som var blyglasert i tre fargar.

Frå sør er keramikken frå funnstaden brennomnstaden i Tongguan viktig fordi det viser den første jamnlege utføringa av dekorering før glasering; ein har funne eksemplar mange stader i den islamske verda. Produksjonen med denne teknikken avtok og teknikken var mindre viktig gjennom fleire hundreår.[15]

Dynastia Liao, Song, Vestleg Xia, og Jin, 907–1276

Thumb
Ting-keramikk. Ei skål dekorert med innpressa blomar frå 1100-talet

Keramikken frå Song-dynastiet (960–1279) var knytt til prestisje, særleg keramikken frå det som ettertida kallar «Dei fem store brennomnane». I denne keramikken la kunstnerane vekt på subtile glasur-effektar og grasiøse former. Om keramikken var pynta nytta ein som regel grunne relieff. Denne typen relieff skar ein i byrjinga ut med kniv, men seinare tok ein i bruk støypeformer.

Måling vart for det meste nytta i den populære Cizhou-keramikken.[16] På denne tida var underglasur i blått sett på som for ornamentert i høve til konfutsianske ideal.[17]

Grønkeramikk eller seladon var populært i Kina og i eksportmarknadane, og fekk aukande tyding i løpet av denne perioden. Yue-keramikk vart etterfølgd av «nordleg seladon», og i sør av Longquan-seladon.

«Kvitkeramikk» og «svartkeramikk» var også viktige, i sær i Cizhou-keramikken. Det fanst fleirfarga typar, men dei finare typane av keramikk, laga for hoffet og dei lærde, var framleis einsfarga med vekt på form og glasureffektar.

Viktige brennomn-stader og stilar var Ru, Jun, «sørleg Song», Guan eller «offisiell keramikk», Jian og Jizhou.

Kvitaktig porselen vart stadig betre, også vidareføringa av Ting-keramikken[18] og keramikken som erstatta han, qingbai.

Dynastia Liao, Xia og Jin vart grunnlagde av ikkje-lesekunnige, ofte nomadiske folk som erobra delar av Kina. Kunst-tradisjonane deira vart til ein viss grad fletta med kinesiske tradisjonar

Yuan-dynastiet (1271–1368)

Thumb
Porselen frå rundt 1335.

Produksjon av keramikk vart konsentrert til område nær førekomstar av kaolin, mellom anna i Jingdezhen.[19] Under det mongolske Yuan-dynastiet var typar som Longquan-seladon og Cizhou-keramikk framleis utbreidde.

Ming-dynastiet (1368–1644)

Under regjeringstida til keisar Xuande (1426–35) vart det utvikla ein ny teknikk for å nytta blåfarge til underglasur. Den nye teknikken gjorde at kobolt ikkje rann under brenning.[20] Oppå glasuren kunne ein dekorera med fleire fargar og deretter brenna godset ved lågare temperatur, ein teknikk kjend som doucai.[21] Dekorasjonsteknikken vart vidareutvikla til wucai, 'fem fargar', der ein vanlegvis måla kvitt, blåglasert gods med raudt, grønt og gult. Seinare brukte ein endå fleire fargar.[22]

Qing-perioden (1644–1912)

Overgangen frå Ming- til Qing-dynastiet medførte ein overgang for keramikkindustrien, som måtte gå over frå å ta bestillingar direkte frå keisarhoffet til å selja til private kjøparar frå inn- og utland.[23] Frå rundt 1620 til 1680-talet kom ein ny stil å måling, ofte i blått og kvitt, med nye motiv som fritt måla landskap og figurar. Mange stilar frå Ming vart vidareutvikla. Famille jaune, noire, rose, verte er ulike franske namn etter kva farge som dominerte. Yangcai ('utanlandsk farge') er ein variant med raudlege tonar, utan blå underglasur, som først vart introdusert frå Europa.[24]

Sjå òg

Referansar

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.