From Wikipedia, the free encyclopedia
Kinesisk historie er eit omfattande felt ettersom det veldige landet, som einaste sivilisasjonen i verda, har skriftlege kjelder utan avbrot frå dei siste 3500 åra. Kinesarane har tradisjon for å bruka dynastia herskarane deira høyrde til til å dela historia si inn i epokar. Dette har samanheng med at dynastiskifta ofte òg innebar endring i styreform, hovudstad og herskarklasse.
Kinesisk historie | ||||||
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk) | ||||||
Xià-dynastiet | ||||||
Shāng-dynastiet | ||||||
Vestlege Zhōu |
Zhōu | |||||
Vår- og haustannaltida | Austlege Zhōu | |||||
Dei stridande statane | ||||||
Qín-dynastiet | ||||||
Vestlege Hàn | Hàn | |||||
Xīn | ||||||
Austlege Hàn
|
||||||
16-
kongerika |
||||||
Táng-dynastiet |
||||||
Liáo
|
||||||
Sòng-
dynastiet |
||||||
Jīn
|
Vest Xià
|
Sørlege Sòng
|
||||
Republikken Kina (Táiwān) |
Sivilisasjonen i Kina oppstod ved Huangelva nordaust i landet og breidde seg deretter sørover. Den eldste skrifta me kjenner er frå Shang-dynastiet (1600-1000-talet f.Kr.). Det vart utvikla relativt effektiv administrasjon der embetsmennene (ideelt sett) skulle veljast etter eksamenskarakterar, ikkje arv (som i samtidige Europa). Den tidlege utviklinga av ein statsideologi basert på konfutsianismen (som blei «statsfilosofi» under Han-dynastiet på 100-talet f.Kr.), og utviklinga av eit allment utbreidd skriftsystem (standardisert på 220-talet f.Kr) styrkte òg kinesisk sivilisasjon. Under Qing (1644–1912) nådde keisardømet om lag det geografiske området som omfattar den moderne Folkerepublikken Kina.
Politisk veksla Kina mellom å vere eit sameint storrike og å vere oppsplitta i mindre statar. Landa vart regelmessig angripne og to gonger erobra av andre folkeslag enn han-kinesarar. Samspel med den asiatiske omverda og ei rekkje bølgjer av inn- og utvandring har bidrege til å forma kinesiske folk og kulturar gjennom tidene.
Sekstenkongerika var ein periode frå 304 til 439.
Song-dynastiet vart skipa i 960 av keisar Taizu. Hovudstaden låg i Kaifeng (også kjend som Bianjing).
Khitanarane sitt Liao-dynasti (907-1125) herska over Mandsjuria, Mongolia og delar av nordlege Kina. Det vestlege Xia-dynastiet (1032-1227) vart skipa av tangutarstammar i dei noverande nordvestlege provinsane Gansu, Shaanxi og Ningxia. Jursjenarar gjorde opprør mot Liao-herskarane, og skipa det yngre Jin-dynastiet i 1115. Liao-dynastiet mista makta heilt til Jin-dynastiet i 1125. Nokre flyktningar frå hoffet skipa det vestlege Liao i Sentral-Asia.
Mongolriket erobra det vestlege Xia i 1227, og Jin-dynastiet i 1234.
I den mongolsk-kontrollerte delen av Kina-regionen skipa Kublai Khan ein hovudstad nord for Luan-elva i 1256.[1] Etter Möngke sin død (1259) hadde ikkje Mongolriket ein hovudstad. Storkhanen utropte seg sjølv som keisar av Kina i 1271, og skipa dermed formelt Yuan-dynastiet.
Det sørlege Song-dynastiet vart erobra av mongolarane i 1279.
Frå 1800-talet til ut på 1900-talet var landet for svakt til å slå attende europeisk kolonialisme og japansk invasjon. Samstundes var det interne konfliktar i landet.
Kommunistsigeren i den kinesiske borgarkrigen etablerte Folkerepublikken Kina på fastlandet, medan Republikken Kina si regjering heldt fram med å kontrollera Taiwan og nokre mindre øyar i Austkinahavet.
I 1989 fann det stad Demonstrasjonane på Den himmelske freds plass.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.