Khalkidikí
From Wikipedia, the free encyclopedia
Periferieininga Khalkidikí (gresk Περιφερειακή ενότητα Χαλκιδικής, Periferiakí enótita Khalkidikís) er ei periferieining i den søraustlege delen av Sentral-Makedonía i Hellas.[2]
Periferieininga Khalkidikí Περιφερειακή ενότητα Χαλκιδικής | |
---|---|
| |
Periferi | Sentral-Makedonía |
Hovudstad | Polýjyros |
Folketal | 102 085 (2021[1]) |
Areal | 2 918 km² Rangering 17. |
Folketettleik | 35/km² |
Kommunar | 5 |
Postnummer | 63x xx |
Retningsnummer | 237x0, 23990 |
Bilnummer | XK |
Heimeside | www.halkidiki.gov.gr |
Den store halvøya Khalkidikí (gresk Χαλκιδική), òg kalla Halkidiki eller Khalkidike, nordvest i Egearhavet utgjer mesteparten av periferieininga. Halvøya ser ut som ei hand med tre «fingrar» – Kassándra (i antikken Pallene), Sithonía og «det heilage fjellet» Áthos (i antikken Akte) og klostera her. Áthos er ikkje ein del av periferieininga, men er ein autonom klosterstat. I det indre av halvøya og nord i dei sentrale område av periferieininga ligg fjellet Kholomóndas.
I antikken var Khalkidikí ein del av Thrakia. Dei første greske busetjarane kom til området frå byane Khalkída og Erétria på Évvia, rundt 700-talet fvt. og grunnla byar som Mende, Torone og Skione. Ei ny bølgje med emigrantar kom frå Ándros på 500-talet fvt.. Den antikke byen Stájira var fødestaden til den store filosofen Aristoteles.
Hovudstaden i Khalkidikí er byen Polýjyros, som ligg midt på halvøya.
Periferieininga grensar berre til periferieininga Thessaloníki i nord.