![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ae/Aristotle_Altemps_Inv8575.jpg/640px-Aristotle_Altemps_Inv8575.jpg&w=640&q=50)
Aristoteles
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aristoteles (gresk Ἀριστοτέλης Aristotélēs, 384 f.Kr.–322 f.Kr.) var ein gresk filosof og naturforskar. Saman med Platon vert han ofte sett på som ein av dei to største filosofane i den antikke verda. Skolastikken, som spelte ei stor rolle innanfor mellomalderkristendommen, har røter i aristotelisk tenking.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Aristoteles | |||
![]() Byste av Aristoteles i marmor. Romersk kopi etter ein gresk original i bronse av Lysippos frå 330 f.Kr. | |||
Fødd | 384 f.Kr. Stagira | ||
---|---|---|---|
Død | 322 f.Kr. Chalcis | ||
Område | filosofi, naturfilosofi | ||
Yrke | biolog, kosmolog, logikar, zoolog, litteraturkritikar, matematikar, etiker, kunnskapsteoretiker, politisk filosof, polyhistor, språkfilosof, skribent, filosof, astronom, geograf, lærar, tutor, ontolog, fysikar | ||
Alma mater | Platons Akademi | ||
Ektefelle | Pythias | ||
Sambuar | Herpyllis | ||
Barn | Nicomachus, Pythias |
Lukk
Aristoteles er særleg kjent for å ha utvikla læra om syllogistiske slutningar, for si årsaks- og forandringslære og for si lære om praktisk skjønn og den gylne middelvegen.