![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f0/Andros_Beach.jpg/640px-Andros_Beach.jpg&w=640&q=50)
Ándros
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ándros (gresk Άνδρος), òg kalla Andro, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho er den nordlegaste øya i øygruppa og ligg om lag 10 km søraust for Évvia og om lag 3 km nord for Tínos. Øya er nesten 40 km lang og på det breiaste 16 km. Ándros er ei fjellkledd øy med mange frodige dalar. Hovudbyen heiter òg Ándros og ligg på austkysten med om lag 1 500 innbyggjarar. Øya hadde rundt 18 000 innbyggjarar i 1900 og i dag oppunder 9 000.
Kjappe fakta Ándros Lokalt namn Άνδρος, Geografi ...
Ándros Lokalt namn Άνδρος | |
---|---|
![]() Ei stand på Ándros | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°50′N 24°56′E |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 379,7 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Ándros |
Største busetnad | Ándros by (1 500 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 8 826 (2021[1]) |
Folketettleik | 22,2 /km² |
Lukk
Ándros er frå 2011 den einaste kommunen i periferieininga Ándros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]