From Wikipedia, the free encyclopedia
Kefar Sava (hebraisk: כְּפַר סָבָא) er ein by i Sharon-området i Sentral-Israel i Israel. Mot slutten av 2009 hadde Kefar Sava eit folketal på 83 600.[1]
Kefar Sava | |||
כְּפַר סָבָא | |||
by | |||
|
|||
Namneopphav: Bestefar-landsbyen/Sabalandsbyen | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°10′17″N 34°54′30″E | ||
Areal | 14,17 km² | ||
Folketal | 83 600 (2009)[1] | ||
Folketettleik | 5 900 / km² | ||
Grunnlagd | 1903 | ||
• Bystatus | 1962 | ||
Borgarmeister | Yehuda Ben-Hamo | ||
Kefar Sava 32.185783333333°N 34.907683333333°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Saba | |||
Nettstad: www.kfar-saba.muni.il (he) | |||
Busetnaden fekk namn etter rabbi Abraham Saba, som skreiv boka Zeror ha mor.
Kefar Sava var ein viktig busetnad i tida under Det andre tempelet,[2][3] og er nemnt første gongen i notata til Josefus, der han fortel om forsøket til Alexander Jannaeus om å stoppe invasjonen frå nord leia av Antiokhos (Antiquities, bok 13, kapittel 15). Kefar Sava er òg nemnt i Talmud i samband med korntiende og Capharsaba morbær-fikentre.[2]
Utgravingar på staden har avdekt eit stort romersk bad. I bysantinsk tid vart ruinane av badet først omgjort til fiskedammar, og seinare som ein del av eit industriområde.[4]
I 1596 var den arabiske landsbyen Kafr Saba busett av 42 muslimske familiar.[5] I 1870-åra vart han skildra som «ein leirsteinslandsbyen av moderat storleik med gjørmhol kring seg og gode vasstilhøve i brunnar i Neby Yemin i aust.»[6] Den jødiske byen Kefar Sava vart grunnlagd i 1898 på 7 500 dekar land som vart kjøpt frå den arabiske landsbyen.[7] Trass i marknadsføring i Jerusalem og London, klarte ein ikkje å selje teigar til privatfolk, sidan landområdet låg aude til i eit område med få jødiske busetjingar.[3] Den osmanske pasjaen Nablus, som styrte landområdet, nekta å gje ut byggeløyve, og dei første nybyggjarane måtte derfor bu i hytter av leire og siv. Dei levde av å dyrke mandlar, druer og oliven. Dei første arbeidarane var bønder frå Qalqilya. Først i 1912 vart det gjeve byggløyve og innbyggjarane flytta inn i permanente hus.[3]
Under Palestina-felttoget under fyrste verdskrigen, låg Kefar Sava ved frontlinja mellom den britiske arméen til general Allenby og den osmanske armeen, og vart øydelagd. På denne tida kom kring tusen innbyggjarar frå Tel Aviv og Jaffa for å busetje seg i byen. Dei hadde blitt deporterte frå heimane sine av osmanarane.
På grunn av Jaffa-opprøra i 1921 kunne desse deporterte innbyggjarane flytta attende til dei opphavlege heimstadane sine. I 1922 kom dei opphavlege innbyggjarane tilbake til landsbyen, og fekk i 1924 med seg fleire folk. I denne perioden byrja dei å dyrke sitrusfrukter. Staden fekk då status som lokal kommune.[8]
I månadane fram til krigen i 1948 vart Kefar Sava angripe av lokale, arabiske militssoldatar Kafr Saba. Den arabiske frigjeringshæren (ALA), ein armé som bestod av frivillige frå fleire kringliggande arabiske land, sendte soldatar for å støtte opp om desse åtaka.[9] I 1962 fekk Kefar Sava bystatus.[10]
Byen ligg like over Den grøne linja for Kalkilya og har ofte vorte utsett for terroriståtak. I mai 2001 tok ein palestinsk-arabisk sjølvmordsbombar med eit bombebelte livet av ein lege og skadde 50 ved ein busstopp i Kefar Sava.[11] I mars 2002 opna ein palestinsk terrorist eld mot forbipasserande ved eit stort vegkryss og tok livet av ei israelsk jente, og skadde 16 andre, før han sjølv vart skoten og drepen.[12] I april 2003 sprengde ein palestinsk sjølvmordsbombar seg sjølv på Kefar Sava togstasjon i rushet om morgonen, og tok livet av ein tryggleiksvakt og skadde ti sivile.[13]
I 1922 hadde Kefar Sava 14 jødar.[14] I folketeljinga i 1931 hadde talet vokse til 307 jødar, 9 kristne og ei ikkje-religiøs kvinne.[15] I 1945 hadde byen eit folketal på 4 320 jødar.[16]
Ifølgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var den etniske samansetjinga i 2001 99,9 % jødar og 0,1 % andre.
Det er gjort funn av ein eldgamal, israelittiske landsby aust for byen, som ein trur kan vere ruinane av den bibelske byen Kafarsaba. Kefar Sava arkeologiske museum syner funn frå området.[17]
Kefar Sava er venskapsby med:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.