From Wikipedia, the free encyclopedia
Jinan er ein kinesisk by som er provinshovudstad i Shandong. Han ligg på sørbreidda av Huang He.
Jinan er eit viktig administrativt senter. Han har ein god del industri som omfattar produksjon av tyngre køyretøy (som lastebilar og vegmaskiner), jern- og stålindustri (råjern, stålwire, jernbaneskjenar), tekstilindustri, kornmøller og annan næringsmiddelindustri. Jinan er jernbaneknutepunkt på hovudbanen Beijing–Shanghai, med sidebane til hamnebyen Qingdao.
Byen er òg eit gammalt kultursenter med tempel, konfutsiansk bibliotek, provinsmuseum og eit stort universitet.
Jinan har vore provinshovudstad sidan mellomalderen. Rundt 1900 blei han opna for utanlandsk handel (først med tyskarar og seinare japanarar. Han var under japansk okkupasjon 1937–45, og var under den kinesiske borgarkrigen åstad for harde kampar før han blei teken av kommunistane i 1948.
Jinan ligg ved nordskråningen av det Taifjellet (Tai Shan), ein av dei fem heilage fjelltoppane i taoismen. Fjellet er rekna som verdsarv av UNESCO.
Longshan, 30 km aust for byen, var senter for den 5000 år gamle Longshan-kulturen.
Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Wang Zhonglin, og borgarmeisteren er Sun Shutao (2019).
«Jinan» i Store norske leksikon, snl.no.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.