norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Jens Stoltenberg (fødd 16. mars 1959 i Oslo) er ein tidlegare norsk politikar og generalsekretær i Nato. Han har vore norsk statsminister to gonger og partileiar for Arbeidarpartiet. Dessutan har han vore finansminister, nærings- og energiminister og statssekretær i Miljøverndepartementet.
Stoltenberg gjekk av etter åtte år som statsminister hausten 2013. Den 1. oktober 2014 gjekk Stoltenberg inn i stillinga som generalsekretær i Nato.[1]
Stoltenberg blei norsk statsminister den 17. oktober 2005 som leiar for andre Stoltenbergregjeringa. Han var tidlegare statsminister frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 i regjeringa Stoltenberg I. Kjell Magne Bondevik etterfylgde Stoltenberg som statsminister i 2001, medan Stoltenberg i sin tur etterfylgde Bondevik i 2000 og 2005.
Jens Stoltenberg er òg leiar av Arbeiderpartiet, eit verv han overtok etter Thorbjørn Jagland i november 2002. Frå 1992 hadde han vore fyrste nestleiar i Ap. Han har vore finansminister (1996–1997), nærings- og energiminister (1993–1996) og statssekretær i Miljøverndepartementet (1990–1991).[2]
Han er den fyrste norske statsministeren nokonsinne som har vitja Sørpolen. Dette skjedde i 2011, då han skulle vere med og markere 100-årsjubileet for Roald Amundsen sin ankomst til Sørpolen.
Frå 2014 til 2024 var Jens Stoltenberg generalsekretær i NATO. Perioden hans vart forlenga fire gongar blant anna på grunn av krigen i Ukraina.[3][4]
Stoltenberg vart fødd i Oslo som son av tidlegare utanriksminister Thorvald Stoltenberg og tidlegare statssekretær Karin Stoltenberg. Han er utdanna sosialøkonom, gift og har to barn.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.