Tromsdalen kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tromsdalen kyrkje, òg kalla Ishavskatedralen, er ei kyrkje i Tromsøysund sokn i Tromsø domprosti.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Tromsdalen kyrkje | |||
Ishavskatedralen | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Tromsø | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Tromsø Domprosti | ||
Sokn | Tromsøysund | ||
Fellesråd | Tromsø | ||
Stad | Tromsdalen | ||
Arkitekt | Jan Inge Hovig | ||
Material | Plasstøypt armert betong | ||
Innvigd | 19. november 1965 | ||
Sitjeplassar | 720 | ||
![]() Tromsdalen kyrkje 69.64807°N 18.9874°E / 69.64807; 18.9874 | |||
Wikimedia Commons: Ishavskatedralen | |||
Lukk
Namnet Ishavskatedralen har kyrkja etter si karakteristiske form; forma og dei lyse felta gjev assosiasjonar til isfjell. Kyrkja, som vart vigsla i 1965, ligg på fastlandet utanfor ishavsbyen Tromsø, godt synleg frå Tromsøya, dei store bustadfelta i Tromsdalen, med båt, og med bil til eller frå byen.
Ishavskatedralen er både ein turistattraksjon og eit symbol og landemerke for Tromsø.