Tromsøya
øy i Tromsø i Troms / From Wikipedia, the free encyclopedia
Tromsøya (nordsamisk Romssasuolu) er ei øy i sundet mellom fastlandet og Kvaløya i Tromsø kommune i Troms. Tromsø sentrum ligg aust på øya, og store delar av folkesetnaden i byen bur spreidd kringom på øya. Tromsø lufthamn Langnes ligg på vestsida, og øya er knytt til Tromsdalen på fastlandet med Tromsøbrua og Tromsøysundtunnelen og til Kvaløya med Sandnessundbrua.
Kjappe fakta Land, Areal ...
Tromsøya | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 21,7 km² | ||
Folketal | 39 882 (2018) | ||
![]() Tromsøya 69.666666666667°N 18.95°E / 69.666666666667; 18.95 | |||
Wikimedia Commons: Tromsøya | |||
Lukk
Øya er på 22,39 km² og kring 10 km lang frå nord til sør. Høgaste punkt er Varden, 159 moh., nord på øya. Midt oppe på øya ligg innsjøen Prestvannet, som vart demma opp i 1867. Det er område med skog langs høgdedraget som går i nord-sørretning. Både Universitetet i Tromsø, Universitetssykehuset Nord-Norge og Tromsø Museum har tilhald på den austlege delen av øya.