From Wikipedia, the free encyclopedia
Tromsøysundtunnelen er ein undersjøisk vegtunnel på europaveg 8 i Tromsø kommune i Troms. Tunnelen går under Tromsøysundet mellom Tomasjorda på fastlandet og Breivika på Tromsøya. Tunnelen har to løp der T2 er 3500 og T1 er 3386 meter. Han når 102 meter under havet, og største stigning er 8,2 %. Tromsøysundtunnelen vart opna i 1994. Han gav betre trafikkapasitet over (under) Tromsøysundet etter at kapasiteten over Tromsøbrua vart for liten.
Lengd | 3 500 meter[1] |
---|---|
Stigning | 8,3%[2] |
Trafikk | 10 643 (2022)[3][4] |
Opna | 1994 |
Tromsøysundtunnelen 69.674194444444°N 19.008888888889°E |
Tromsøysundtunnelen var Noregs einaste undersjøiske tunnel med to løp i 16 år før Knappetunnelen og Bjørvikatunnelen vart opna i 2010. Tunnelen har 15 tverrslag mellom løpa. Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Tromsøysundtunnelen.
I 2010 fekk tunnelen nye vegskilt med ljos i som viser fartsgrensene, dette vart gjort for å gjera det lettare å sjå dei sjølv gjennom alt sotet som legg seg på skilta.
I 2012 fekk tunnelen automatisk trafikkontroll (fotoboksar) med gjennomsnittsmåling.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.