Høgnorsk
ei uoffisiell standardform av norsk språk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgnorsk er ei nemning på ei uoffisiell form for nynorsk der målet er halde ved like i ubroten tradisjon etter det første nynorske skriftmålet (landsmål), som ein finn det hjå Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg og andre. Offisiell nynorsk veik av frå denne tradisjonen først og fremst ved rettskrivingsendringa i 1938, med ei tilmåting til rettskrivinga og ordvalet i bokmål og til målføra i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Austlandet. Det er altså på desse områda høgnorsken skil seg frå offisiell nynorsk.
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Høgnorsk».
Høgnorskrørsla er i dag organisert i samskipnaden Ivar Aasen-sambandet. Dei to største lokallaga er Høgnorskringen i Oslo og Vestmannalaget i Bergen. Vestmannen og Målmannen er tidsskrift som kjem ut på høgnorsk.
Norsk Ordliste frå 1921 av Lars Eskeland er gjerne nytta som ordliste for høgnorsk.[1]