Hn/Høgnorsk
uoffisiell form for nynorsk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgnorsk er eit skrift- og talemål, og ei nemning på ei uoffisiell form for nynorsk der målet er halde ved lag i ubroten tradisjon etter det fyrste nynorske skriftmålet (Landsmaal), som ein finn det hjå Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg o.a. Offisiell nynorsk veik av frå denne tradisjonen fyrst og mest ved rettskrivingsbrigdet i 1938, med ei tilmåting til rettskrivingi og ordvalet i bokmål og til målføri i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Austlandet. Det er med andre ord på desse umkvervi høgnorsken skil seg frå offisiell nynorsk.