Guvernement i Irak
From Wikipedia, the free encyclopedia
Irak består av 19 guvernement (muḥāfażah på arabisk), òg kjend som «provinsar».
Den tidlegare presidenten Saddam Hussein delte inn landet i 18 guvernement i 1970-åra for å drive etnisk manipulering.[1] Ein del av dei kurdiske områda i landet fekk sjølvstyre i 1970. I 2003, etter motstand frå kurdarar om deling av Kurdistan i guvernement,[1] vart sjølvstyret til dei tre kurdiske provinsane i Irak stadfesta på ny i 2005 i den irakiske grunnlova.[2] Denne heldt likevel mange andre store kurdiske område, som Kirkuk, Khanaqin, Sinjar og Mandali-Badra, utafor det det kurdiske sjølvstyreområdet. I 2014 vart det avgjort å opprette Halabja guvernement av Halabja-distriktet i Sulaymaniyah guvernement.[3][4]
Den 21. januar 2014 godkjende ministerrådet i den irakiske regjeringa i prinsipelle forslag å skape fleire guvernement.[5] Rådet annonserte to nye guvernement Tal Afar og Tuz Khurmatu skulle dannast av dei noverande Nineveh guvernement og Saladin guvernement.[6] Det vart òg annonsert at byen Fallujah i Al Anbar guvernement skulle bli eit eige guvernement,[5] som svar til eit sunniislamsk opprør i byen.