Ninive guvernement (også skrive Ninawa, arabisk محافظة نینوى, romanisert Muḥāfażat Naynawā) er eit guvernement nord i Irak kring den assyriske oldtidsbyen Ninive. Det var ein viktig del av Assyria frå 2400-talet fvt. til 600-talet evt. Det har eit areal på 37 323 km² og kring 2,5 millionar innbyggjarar. Den største byen og provinshovudstaden er Mosul, som ligg på andre sida av Tigris frå ruinane av oldtidsbyen Ninive. Tal Afar er den nest største byen. Før 1976 vart det kalla Mosul guvernement og omfatta dagens Dohuk guvernement.

Kjappe fakta Land, Koordinatar ...
Ninive  Ninawa
نینوى
guvernement
Thumb
Land  Irak
Koordinatar 36°0′N 42°28′E
Hovudstad Mosul
Areal 36 700 km²
Folketal 3 106 948 (2009)[1]
Thumb
Nineveh guvernement
36°N 42.466666666667°E / 36; 42.466666666667
Thumb
Kart som viser Ninive guvernement.
Kart som viser Ninive guvernement.
Wikimedia Commons: Nineveh Governorate
Lukk

Området er etnisk, religiøst og kulturelt mangfaldig og har vore utsett for åtak frå terroristorganisasjonen Den islamske staten, som erobra Mosul 10. juni 2014, og øydela mange religiøse stader og historiske ruinar og monument.[2] Ein massiv offensiv for å ta attende byen vart sett i gang i oktober 2016.[3][4]

Geografi

Guvernementet grensa til Dohuk guvernement i nord, Erbil guvernement i aust, Saladin guvernement i søraust og Al Anbar guvernement i sør. I vest grensa det til Syria, hovudsakleg Al-Hasakah guvernement, i tillegg til Deir ez-Zor guvernement i sør.

Administrative distrikt

Ninive guvernement består av 30 distrikt:

Meir informasjon Distrikt, Arabisk ...
Distrikt Arabisk Areal (km²) Innbyggjartal i 2003
Sinjarسنجار2 928166 466
Al-Ba'ajالبعاج9 17288 401
Al-Hadar (Hatra)الحضر9 3837 655
Al-Mosulالموصل4 4711 432 230
Tel Afarتلعفر4 453300 878
Tel Kaifتلكيف1 244167 647
Al-Hamdaniyaالحمدانية1 155125 665
Al-Shikhanالشيخان1 33358 132
Total37 3232 453 116
Lukk

Makhmur-distriktet, Aqrah-distriktet og den nordlege delen av Al-Shikhan-distriktet var tidlegare ein del av Ninive guvernement og har vore styrt av styresmaktene i Irakisk Kurdistan, sidan Mosul ikkje hadde kontroll over desse distrikta. I dag er Makhmur-distriktet ein del av Erbil guvernement. Aqrah-distriktet og den nordlege delen av Al-Shikhan-distriktet er ein del av Dohuk guvernement.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.