Gresk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gresk geografi viser til geografien i Hellas, eit land søraust i Europa på den sørlege delen av Balkanhalvøya. Hellas er omringa av Bulgaria, Nord-Makedonia og Albania i nord, Det joniske havet i vest, Middelhavet i sør og Egearhavet og Tyrkia i aust. Landet strekkjer seg om lag frå 35°00′N to 42°00′N og frå 19°00′E to 28°30′E, og dette gjer at landet har nokså variert klima.
Gresk geografi | ||
Verdsdel | Europa | |
Region | Sør-Europa | |
Koordinatar | 39°00′N 22°00′E | |
Areal | Rangering 96 309 050 km² 42,3% land 58,7% vatn | |
Kystlinje | 15 021 km | |
Grenser | Landegrenser: 1 935 km | |
Høgaste punkt | Ólymbos 2 919 m | |
Lågaste punkt | Middelhavet 0 m | |
Lengste elv | Aliákmonas 322 km | |
Største innsjø | Trikhonídasjøen 98,6 km² | |
Landet består av det greske fastlandet og rundt 3000 øyar, inkludert Kreta, Dodekanesane med Ródos, Kykladane og Dei joniske øyane med Kérkyra (Korfu). På fastlandet finn ein halvøya Peloponnes som er forbunde til resten av Hellas via Korinteidet.
Hellas har ei kystlinje på 15 000 km. 80 % av Hellas er fjellkledd og landet er av dei mest kuperte landa i Europa. Dei vestlege områda av Hellas består av innsjøar og våtmarksområde. Píndosfjella ligg sentralt i landet med ei snitthøgd på 2 650 moh. Dei held fram som øyane Kýthira, Andikýthira og til slutt øyane Kreta og Ródos. Øyane i Egearhavet er toppar av undervassfjell som geologisk høyrer til Píndos.
Det sentrale og vestlege Hellas består av høge og bratte fjelltoppar med mange dalar i mellom og karstiske landskap, inkludert Metéora- og Víkosravinen. Sistnemnde er ei av dei største verda og den nest djupaste etter Grand Canyon i USA med ein høgdeskilnad på meir enn 1 100 meter. Ólymbos er det høgaste punktet i Hellas, og det fjerde høgaste fjellet i Europa sett ut frå primærfaktor, med ei høgd på 2 919 moh. Rodopifjella dannar grensa mellom Hellas og Bulgaria og dette området er dekt av store og djupe skogar. Sletter finn ein aust i Thessalía i sentrale delar av Makedonia og i Thráki.