![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/35/Corinth_Isthmus.jpg/640px-Corinth_Isthmus.jpg&w=640&q=50)
Korinteidet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Korinteidet er eit smalt eid mellom halvøya Peloponnes og fastlandet i Hellas, nær byen Korint. Vest for eidet ligg Korintbukta, medan Saroniabukta ligg i aust. Sidan 1893 har Korintkanalen med ei lengd på 6,3 km gått gjennom eidet og i praksis gjort Peloponnes om til ei øy.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/35/Corinth_Isthmus.jpg/640px-Corinth_Isthmus.jpg)
Planar om ein vassveg gjennom eidet, så skip slapp å segle rundt heile Peloponnes, har eksistert sidan antikken. Det første forsøket på å byggje ein kanal vart utført av tyrannen Periander på 600-talet fvt. Dette var derimot så teknisk vanskeleg at han i staden konstruerte ein rampe av stein på land, kalla Diolkos, der båtane vart dradd over. Restane av Diolkos ligg i dag ved sida av den moderne kanalen.
Då Den romerske republikken, og seinare Romarriket, tok kontroll over Hellas, vart det prøvd fleire løysingar. Det vart igjen gjort forsøk på å grave seg gjennom, men òg desse gongane vart det stogga.
- Peloponnes sett frå rommet med Korinteidet øvst til høgre.
- Korinteidet på eit tysk kart