![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/18/Ionian_Islands.svg/langnn-640px-Ionian_Islands.svg.png&w=640&q=50)
Dei joniske øyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei joniske øyane[1] er ei øygruppe i Det joniske havet i Hellas og ein av dei tradisjonelle regionane i landet. Dei vert ofte kalla «Dei sju øyane»,[2] men gruppa inneheld mange mindre øyar i tillegg til dei sju store. Dei sju øyane er frå nord til sør:
- Kérkyra (Κέρκυρα), òg kalla Korfu
- Paxí (Παξοί), òg kalla Paxos
- Levkáda (Λευκάδα), òg kalla Lefkas
- Itháki (Ιθάκη), òg kalla Ithaka
- Kefaloniá (Κεφαλονιά), òg kalla Kefallinia
- Zákynthos (Ζάκυνθος)
- Kýthira (Κύθηρα)
- For periferien med same namn, sjå periferien Dei joniske øyane
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/18/Ionian_Islands.svg/320px-Ionian_Islands.svg.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4c/Ithaki-Vathy.jpg/640px-Ithaki-Vathy.jpg)
Dei seks nordlege øyane ligg vest for kysten av Hellas, og den sjuande, Kýthira, ligg utanfor sørspissen av Peloponnes, den sørlege delen av det greske fastlandet. Ein bør merke seg at Kýthira ikkje er ein del av periferien Dei joniske øyane, men er ein del av Attikí.
Namnet tyder på at Det joniske havet og øyane kan ha vore knytt til Jonia, ein austleg gresk region.
Sjølve øyane er kjende under fleire forskjellige namn. Då dei var under styret til Venezia fekk dei italienske namn, og enkelte av desse vert framleis nytta på enkelte språk som engelsk. Itháki vart kalla Val di Compare, Kérkyra fekk namnet Corfu, Kýthira vart kalla Cerigo, Lefkáda vart Santa Maura og Zákynthos vart Zante. I tillegg har dei greske namna på øyane endra seg i løpet av tidene.