![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9e/White_Tower_of_Thessaloniki_%25282007-06-15%2529.jpg/640px-White_Tower_of_Thessaloniki_%25282007-06-15%2529.jpg&w=640&q=50)
Gresk Makedonia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Makedonia (gresk Μακεδονία) eller Gresk Makedonia er den største og nest mest folkerike av dei tradisjonelle regionane i Hellas. I lag med regionane Thessalía og Thráki vert det ofte uoffisielt kalla Nord-Hellas.
Kjappe fakta Land, Periferi ...
Gresk Makedonia Μακεδονία | |||
region | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Periferi | Vest-Makedonía | ||
Hovudstad | Thessaloníki | ||
Areal | 34 177 km² km² | ||
Folketal | 2 267 952[1] | ||
Folketettleik | 66,4/km² / km² | ||
![]() Gresk Makedonia 40.75°N 22.89972222°E / 40.75; 22.89972222 | |||
Wikimedia Commons: Macedonia (Greece) | |||
Lukk
Området dekkjer det meste av det gamle Kongedømet Makedonia, fødestaden til Aleksander den store. Namnet har seinare vorte nytta om ein større del av Balkan berre kalla Makedonia, der Gresk Makedonia utgjer 52,4 % av arealet og 52,9 % av folketalet. Det var ein del av Det osmanske riket fram til 1912. I 1913 vart det meste av dei osmanske områda i Europa (inkludert Makedonia) delt mellom dei omliggande landa Hellas, Serbia, Bulgaria, Albania og Montenegro.