Grasfamilien
From Wikipedia, the free encyclopedia
Grasfamilien er ei stor gruppe einfrøblada dekkfrøplantar som veks over nesten heile verda. Ho omfattar over 10 000 ville og dyrka artar og er den femte største plantefamilien[lower-alpha 1][1] I Noreg finst kring 160 grasartar, fordelte på kring 60 slekter.
Kjappe fakta
Grasfamilien | |
Bambusen Phyllostachys aurea | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae Barnhart, 1895 |
Lukk
Grassletter utgjer rundt 20 % av vegetasjonsdekket på jorda. Grasplantar veks også i andre habitat, som skog, tundra og våtmark. Grasfamilien er økonomisk svært viktig, i og med at alle kornsortane høyrer til her. Korn vert skilt frå dei andre artane som gruppa åkervekstar. Dei viktigaste grasplantene er mellom anna havre, rug, bygg, kveite, ris, mais, durra, sukkerrøyr, bambus, timotei og raps.
Grasliknande vekstar som siv, sjøgras og halvgras høyrer ikkje til grasfamilien.