fransk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Germaine de Staël, fullt namn Anne Louise Germaine de Staël-Holstein, (22. april 1766–14. juli 1817) var ein fransk forfattar av sveitsisk opphav. Ho levde og virka under den franske revolusjonen og styret til Napoléon Bonaparte. Ho var ein av dei fremste motstandarane til Napoleon. Ho var kjend for den elegante konversasjonskunsten sin, og deltok både i det kulturelle og det politiske livet. Verka hennar, både essay og skjønnlitteratur, hadde innverknad på historia til den europeiske romantikken.
Germaine de Staël | |
Statsborgarskap | République de Genève, Kongedømet Frankrike |
Fødd | 22. april 1766 Paris |
Død |
14. juli 1817 (51 år) |
Yrke | skribent, salongvertinne, dagbokskrivar, litteraturkritikar, politikar, korrespondent, filosof |
Far | Jacques Necker |
Mor | Suzanne Curchod |
Ektefelle | Erik Magnus Staël von Holstein, Albert Jean Michel de Rocca |
Born | Albertine, baroness Staël von Holstein, Auguste-Louis de Staël-Holstein, Louis Alphonse de Rocca |
Germaine de Staël på Commons |
Ho var dotter av den sveitsiske bankieren og finansministeren i Frankrike, Jacques Necker. Frå 1786 var ho gift med den svenske ambassadøren Erik Magnus Staël von Holstein (død 1802). Ho hadde ein populær litterær salong med fleire framståande gjester, og ho blei difor ofte kalla Reine de Paris («dronninga av Paris»). Som far sin var ho tilhengar av dei progressive ideala til revolusjonen. Dette kom særleg til uttrykk i verka hennar; i Delphine, der ho fordekt gjekk til angrep på den kyrkjelege vigselen og ideen om det uoppløyselege ekteskapet, og i den erotiske romanen Corinne.
De Staël var fødd som Anne Louise Germaine Necker i Paris. Faren hennar var den framståande sveitsiske bankmannen og statsmannen Jacques Necker, som var finansminister i Frankrike under kong Ludvig XVI. Mor hennar var Suzanne Curchod, vertinne for ein av dei mest populære salongane i Paris som blei hyppig vitja av personlegdommar som Buffon, Marmontel, Melchior Grimm, Edward Gibbon, Abbé Raynal og Jean-François de la Harpe.[1] Madame Necker ønskte å oppdra dottera si etter prinsippa til Rousseau, og sørgde for å gje henne ei intellektuell utdanning og kalvinistisk disiplin ved hjelp av sin eigen protestantiske prest. Ho lét òg dottera sitja ved føtene sine i salongen der dei intellektuelle fann glede i å stimulera det oppvakte barnet. Det gjorde henne bråmoden og gav henne tidleg eit litterært ordforråd.
Dei neste få åra etter at Jacques Necker var blitt avsett frå stillinga si, budde dei frå 1784 ved Château Coppet i Coppet, godset og eigedommen hans ved Genfersjøen som de Staël seinare gjorde kjend i skriftene sine.[2] Dei vende tilbake til Paris i 1785 og unge Necker skreiv ei rekke ulike verk, inkludert eit romantisk drama i tre akter, Sophie (1786), og ein tragedie i fem akter, Jeanne Grey (1787). Begge skodespela blei gjevne ut i 1790.
Snart blei foreldra hennar utolmodige over at ho var ugift. Det er sagt at dei nekta henne å gifta seg med ein katolikk, noko som i Frankrike i stor grad avgrensa dei moglege vala hennar. Det gjekk eit rykte at William Pitt den yngre tenkte på henne. Den noko notoriske elskaren til salongvertinna Julie de Lespinasse, Jacques Guibert, skal òg ha gjort kur.
Til sist gifta ho seg med baron Erik Magnus Staël von Holstein, som fyrst var attaché hjå det svenske sendebodet til Frankrike, og sidan sjølv svensk minister. For ein arving til ein stor formue og ei særs ambisiøs ung kvinne, synest ikkje dette giftarmålet å ha vore svært eigna, men det kombinerte Germaine de Staël sin formue med ektemannen sin posisjon. Ei rekke forhandlingar sikra han eit løfte frå den svenske kongen om å bli ambassadør i 12 år og ein pensjon i tilfelle posisjonen blei trekt tilbake. Den 14. januar 1786 blei paret vigd i kapellet ved den svenske ambassaden.
Ved giftarmålen var mannen 37 år, medan kona berre var 20 år. Det heile var meir ein juridiske formalitet, og heile ekteskapet verker å ha vore akseptabelt for begge, då ingen av dei hadde større kjensler for den andre. Den kjølige baronen fekk tilgang til ein formue og den unge kona blei ambassadefrue frå ei betydeleg utanlandsk statsmakt, noko som gav henne ein langt høgare posisjon ved det franske hoffet og i samfunnet elles enn ho ville ha fått i ekteskap med ein kva som helst franskmann.
I 1788, året før den franske revolusjonen, stod de Staël fram som forfattar under sitt eige namn med det tynne verket Lettres sur les ouvrages et le caractère de J.-J. Rousseau, ei brevsamling på rundt 140 sider.[3] Denne brennande, panegyriske samlinga viste eit openbert talent, men lite kritisk dømmekraft. Ho var på denne tida entusiastisk for ei blanding av Rousseau og politisk konstitusjonalisme. Dei seinare romanane hennar blei bestseljarar, og den litterære kritikken hennar fekk stor innverknad.
Far hennar, Necker, fekk eit lettre de cachet frå kongen som kravde at han måtte forlata Paris straks. Kongen mislikte Necker, og dronninga hata han. Folket var ei anna oppfatning, og kravde å få han tilbake. Han blei tilbakekalla 48 timar etter at han hadde forlate Paris. På dei 48 timane hadde Bastillen falle, blod var blitt spelt og adelen hadde flykta i alle retningar ut av landet.[4] Madame de Staël håpte på eit kompromiss, at Frankrike ville utvikla seg til eit konstitusjonelt monarki av engelsk type. Den nye revolusjonære konstitusjonen blei skriven i huset hennar.[5]
Ho triumferte i møta med Stenderforsamlinga i 1789 den 4. og 5. mai.[6] Salongen hennar vart møte for dei «konstitusjonelle», som dei blei kalla, blant dei La Fayette, grev Louis de Narbonne-Lara og Mathieu de Montmorency. Slike håp blei feia bort etterkvart som revolusjonen heldt fram. Terroren rådde i Paris. Dei som viste sympati med kongen eller monarkiet blei gripne og fengsla. Baron de Staël blei kalla tilbake til Sverige. Necker blei igjen avsett, og søkte tilflukt i Coppet. Han oppfordra dottera si om å følgja han, men ho valde Paris.[4]
Det fyrste barnet hennar, ein gut, blei fødd i 1790, veka før Necker til sist forlét Frankrike. Privilegia hennar som ambassadefrue gav henne det nødvendige vernet under den aukande uroa under revolusjonen. Ho besøkte Coppet ein eller to gonger, men blei for det meste verande i Paris i dei tidlegaste dagane av revolusjonen. Madame de Staël deltok i forsamlinga og heldt salong i Rue du Bac der Talleyrand, Abbé Delille, Clermont-Tonnerre, og Gouverneur Morris var blant dei som møttest.
Til sist, dagen før septembermorda i september 1792, flykta ho i lag med vennene Manuel og Tallien. Hennar eiga forklaring av flukta er som vanleg for henne så blomstrande at det etterlèt spørsmålet om ho faktisk var i fare. Direkte verker det ikkje som om ho var det, men ho hadde strekt privilegia til ambassaden til å verna truga venner, og dette var ei alvorleg sak.[5] Forsøket hennar på å hjelpa gamle Montesquiou hadde nær ført til at ho blei drepen. Ho blei gripen og ført til Hotel de Ville for å møta Robespierre. Ho protesterte og viste til privilegia sine som ambassadefrue, og i siste liten blei det vedtatt at Tallien skulle føra henne til grensa. Ho drog til Coppet i Sveits, som var eit asyl for mange som var trua av revolusjonen. Ho kom ikkje tilbake til Paris på tre år.[4] I desse åra vitja ho i 1793 England for fyrste gong, og besøkte då den franske kolonien av flyktningar ved Michleham i Surrey.[7][8]
Ved faren sitt gods i Sveits, Château de Coppet, samla ho ein ny salong av venner og flyktningar. Det fann stad ein liten skandale knytt til forholdet hennar til Louis de Narbonne, ein av fleire elskarar ho heldt seg med.[5]
Ved Coppet skreiv de Staël ein pamflett om avrettinga av dronning Marie Antoinette. Året etter døydde mor hennar ved Château de Beaulieu i Lausanne. Då Robespierre blei styrta opna det vegen tilbake til Paris for henne. Ektemannen hennar hadde opphalde seg i Nederlanda, og blei akkreditert av den franske republikken. De Staël gjenopna salongen sin og gav ut fleire mindre verk, blant dei essaya Sur l'influence des passions ('Om innverknaden til pasjonane', 1796) og Sur la litérature considérée dans ses rapports avec les institutions sociales (1800).
Det var i løpet av desse åra at Madame de Staël oppnådde den største politiske innverknaden sin i Frankrike. Elskaren Narbonne var blitt erstatta av Benjamin Constant, som ho hadde møtt første gang hjå Belle van Zuylen i 1794. Han fekk ein stor innverknad på henne, slik ho fekk på han. Både personlege og politiske grunnar førte henne i opposisjon mot Napoléon. Ho hadde følgt karrieren hans, og håpa som mange franskmenn at den suksessrike hærføraren frå Korsika skulle gje ro og stabilitet til Frankrike. Då han utropte seg sjølv til fyrstekonsul kjente ho igjen ein tyrann.[4] Hennar eigen preferanse var ein moderat republikk eller eit konstitusjonelt monarki.
I salongen sin heldt ho seg ikkje frå å kritisera politikken til Napoléon. Fiendskapen mellom Madame de Staël og Napoléon blei allment kjend. Ho kunne flytta mellom Paris og Coppet utan problem, men ho visste at Napoléon mislikte henne. I 1797 blei ho formelt separert frå den svenske ektemannen sin. I 1799 blei han tilbakekalla av den svenske kongen, og i 1802 døydde han med henne til stades. I tillegg til ei dotter (Gustavine, 1787–1789), som døydde i barndommen, og den eldste sonen Auguste Louis (1790–1827), fekk dei endå to barn – ein son Albert (1792–1813), og ei dotter Albertine (1797–1838), som seinare gifta seg med Victor de Broglie, eit medlem av Académie française og den niande franske statsministeren. Farsskapet til desse barna er ikkje sikkert.[9]
Kva tid tvikampen hennar med Napoléon byrja er ikkje lett å avgjera. Å dømma frå tittelen på boka hennar Dix annees d'exil («Ti år i eksil») skal han ha byrja i 1804, men fiendskapen byrja truleg mykje tidlegare. Ifølgje sjølvbiografien til Madame de Remusat skal Napoléon ha sagt om henne at ho «lærer folk å tenka som aldri har tenkt før, eller som har gløymt korleis dei kan tenka.»[10]
Napoléon mislikte at ho stod imot innverknaden hans, og det gledde henne truleg at han prøvde å fremma makta si mot henne utan å lykkast. Begge hadde personlegdommar med eit merkeleg preg av det teatralske. Om ho verkeleg ønskte å ta motstanden sin mot Napoléon alvorleg, hadde det vore lettare for henne å etablera seg i England ved Fredstraktaten i Amiens, men ho heldt seg i Coppet. Der blei ho skygga av Napoléon sine spionar sidan ho motsette seg ordrane hans, først at ho heldt seg unna Paris, og seinare Frankrike, noko som betydde at ho blei åleine i landbruksområdet i Sveits framfor det urbane Paris.
I 1802 gav ho ut den fyrste av dei minneverdige bøkene sine, romanen Delphine, der femme incomprise ('misforstådd kvinne') blei introdusert i fransk litteratur, og der ho sjølv og ei rekke av dei næraste vennane hennar opptredde i gjennomsiktig forkledning.[11] Hausten 1803 vende ho tilbake til Paris. Hadde ho ikkje gjort uroa si over landflyka si så offentleg, er det uklart om Napoléon ville ha forvist henne, men då ho igjen vende seg til ei mengde personar med oppfordring om å verna henne, verker det som om han meinte at det var betre at ho ikkje burde bli verna. Ho fekk ordre om ikkje å bu nærare Paris enn 40 lieue. Etter ein tenkepause bestemte Madame de Staël seg for å dra til Tyskland.
Madame de Staël reiste i selskap med Constant via Metz og Frankfurt am Main til Weimar. Ho nådde fram i desember, og var der over vinteren før dei drog vidare til Berlin. Der møtte ho diktaren August Wilhelm Schlegel, ein leiar av den tyske romantikken, og som seinare blei ein av vennane hennar ved Coppet. Ho møtte mange av dei tyske litteratane, der ein særleg kan merka seg Friedrich Schiller, men andre blei forstyrra av det merkverdige vesenet hennar, og andre mislikte henne beint ut, truleg fordi at ho var ein type intellektuell og uavhengig kvinne dei ikkje hadde erfaring med.[4] Deretter reiste ho til Wien der ho i april fekk nyheita om at faren hennar var sjuk og kort tid etter, den 8. april, om at han var død.
De Staël reiste tilbake til Coppet, der ho var blitt ein rik arving. Den sommaren var ho ved slottet i godt selskap, og om hausten reiste ho til Italia i selskap med Sismondi og Friedrich Schlegel. I Italia samla ho materiale for det best kjente verket sitt, Corinne, der hovudpersonen var inspirert av den italienske diktaren Diodata Saluzzo Roero.[12] Sommaren 1805 drog ho heim, og brukte nær eit år på å skriva Corinne.
I 1806 braut ho forbodet om utestenging og budde ei tid uforstyrra i nærleiken av Paris. I 1807 kom Corinne ut som det fyrste estetiske romantiske verket som ikkje var skrive på tysk. Då ho kom ut blei ho skildra som ein pikareske forkledd som ein roman. Det kjente sitatet «Tout comprendre rend très-indulgent», som kan omsetjast som «Å vita alt er å tilgi alt», står i Corinne, del 18, kapittel 5.
Utgivinga var ei påminning om at ho fanst, og politiet sende henne tilbake til Coppet. Ho budde der som vanleg i løpet av sommaren, og drog deretter tilbake til Tyskland der ho vitja Mainz, Frankfurt, Berlin og Wien. Sommaren 1808 var ho tilbake i Coppet, det same året då Constant braut med henne og deretter gifta seg med Charlotte von Hardenberg, ei niese av den prøyssiske statsmannen Karl August von Hardenberg. Ho byrja å arbeida med boka si De l'Allemagne som tok merksemda hennar dei neste to åra, då ho ikkje reiste særleg langt frå huset.
Ho hadde kjøpt eigedom i Nord-Amerika og tenkte på å flytta dit, men ho var fast bestemd på å gje ut De l'Allemagne i Paris. Grunna den franske sensuren skreiv ho eit provoserande brev til keisar Napoléon. Svaret hans, skrive i same ånd som hennar, var å kondemnera heile utgåva av boka hennar, ti tusen kopiar, og forvisa henne på nytt. Ho trekte seg atter tilbake til Coppet der ho etter kvart fann trøst hjå ein ung offiser av sveitsisk opphav, Albert de Rocca, som var 23 år yngre enn henne. Ho gifta seg privat med han i 1811. Dei verker ha vore oppriktig glade i kvarandre, og det var ingen løyndom ved Coppet, men ekteskapet blei ikkje offentleg kjent før etter døden hennar. Dei fekk ein son, Louis-Alphonse de Rocca (1812–1842), som kom til å gifta seg med ei dotter av Claude-Philibert Barthelot de Rambuteau, Marie-Louise-Antoinette de Rambuteau.
I kva grad politiet i det franske keisardømet prega livet til Madame de Staël er uklart. Ho blei fyrst laten vera uforstyrra, men slottet i Coppet blei tabu, og franskmenn som vitja det blei straffa. Mathieu de Montmorency og Madame Récamier blei landsforvistet for lovbrotet å ha vitja henne. Ho byrja vurdera det som var tenkbart fleire år tidlegare, å dra seg heilt ut av område som var underlagt Napoléon sin innverknad og maktområde. I opptakta til den franske krigen mot Russland blei ho verande heime vinteren 1811 for å skriva og planlegga. 23. mai 1812 forlét ho Coppet nærast i løyndom og reiste gjennom Bern, Innsbruck og Salzburg på veg til Wien. Der fekk ho eit austerriksk pass til fronten, og etter ein del vanskar fekk ho eit russisk pass i Galicia. Ho hadde då slept unna Napoléon sitt allmektige auge og omfattande makt.
De Staël reiste sakte gjennom Russland og Finland for å koma til Sverige. Ho hadde eit opphald i St. Petersburg før ho kunne overvintra i Stockholm, der den nære vennen hennar Jean Baptiste Bernadotte var blitt svensk tronarving. Deretter reiste ho til England der ho som fiende av Napoléon fekk ei strålande mottaking og blei gjort stor stas på i løpet av sesongen 1813. Ho gav ut De l'Allemagne om hausten etter manuskriptet som ho hadde frakta med seg. På under eit år vart det kome ut på tysk, fransk og engelsk frå trykkeri i Heidelberg, Hannover, Bremen, Paris, London og Edinburgh. Goethe sa at «Det var ein mektig maskin som gjorde eit breitt hol i den kinesiske muren av fordommar som hadde skild Tyskland og Frankrike.»[4]
Ho blei ramma av ein personleg tragedie då den andre sonen hennar Albert, som hadde gått inn i den svenske hæren, blei drepen i ein duell som følgje av hasardspel. Ho gav ut Considérations sur la révolution française, tankane sine om den franske revolusjonen[13] og Napoléon sin krig og nederlag mot Russland som eit vendepunkt i framgangen hans. Ludvig XVIII, bror av den avretta franske kongen, hadde kome til England i 1808, og då han var i stand til å innta Paris i mars 1814 følgde madame dei Staël etter. Napoléon abdiserte den 11. april 1814
Madame de Staël var i Paris då nyheita kom om at Napoléon hadde gått i land i Frankrike og soldatane flokka seg om han. Ho flykta straks til Coppet. Ho var der framleis då Napoléon hadde det endelege nederlaget sitt i slaget ved Waterloo. Ho vende ikkje tilbake til Paris med ein gong, ho ønskte ikkje, sa ho, «å vera vitne til den andre invasjonen, og Paris fylt med seks hundre tusen utanlandske bajonettar.» Det er sikkert at ho ikkje var særleg hengjeven til huset Bourbon.[4] I oktober, etter Waterloo, reiste ho i staden til Italia, ikkje for si eiga helse, men for den til ektefellen Rocca, som var i ferd med å døy av tuberkulose.
Dottera hennar gifta seg med hertug Victor de Broglie den 20. februar 1816 i Pisa, og blei hustru og mor av framståande franske statsmenn. Heile familien vende tilbake til Coppet i juni, og lord Byron var ofte på besøk hjå Madame de Staël der. Trass i den stadig dårlegare helsa hennar reiste ho til Paris for vinteren 1816-1817, der salongen hennar blei gjenopptatt og godt besøkt. Det oppstod ein varm vennskap mellom henne og hertugen av Wellington, som ho fyrst hadde møtt i 1814, og ho nytta innverknaden sin hos han for å få okkupasjonshæren redusert.
Men ho var allereie merka, og dagane hennar var i ferd med å ebba ut. Madame de Staël blei avgrensa til å halda seg på rommet sitt, om enn ikkje alltid i senga. Ho døydde den 14. juli, og Rocca overlevde henne med berre litt meir enn seks månader. Den merkelege konverteringa hennar til katolisismen på dødsleiet overraska mange, inkludert Wellington, som noterte at medan ho var engsteleg for døden, hadde han ikkje tiltenkt henne å tru på eit [katolsk] etterliv.
Auguste Comte inkluderte Madame de Staël i sin Kalender over store menn der eleven hans Frederic Harrison skreiv om henne og forfattarskapen hennar: «I Delphine gjenopna ei kvinne, for første gong sidan revolusjonen, romansen til hjartet som var i vinden i det førre hundreåret.» Comte siterte gjerne ei setning frå Delphine: «Det er ikkje noko verkeleg i verda enn kjærleiken.»[14] Verka hennar, skreiv Harrison noko pompøst, «gjekk forut for verka til Scott, Byron, Shelley, og delvis Chateaubriand, den historiske tydinga deira er stor i utviklinga av den moderne romantikken, romansen til hjartet, i fryden til naturen, og i kunstartane, fortidsminne og europeisk historie.»
Madame de Staël var ein viktig del av den før-romantiske epoken. I år 1800 konfronterte dei to skikkelsane og motpolane som kom til prega tida før romantikken. Året før gav ut Madame de Staël ut det teoretiske verket sitt om litteraturen, De la littérature dans ses rapports avec les institutions sociales (1799). Polemikken som dette verket gav støyten til innleidde forfattarskapen til vicomte de Chateaubriand. Då han kom med svaret sitt i 1802 var dei politisk-filosofiske fraksjonane markerte, den republikansk-liberale og den katolsk-monarkistiske, som formulerte eit heilskapleg syn på kunst og litteratur.[15]
Madame de Staël var den fyrste til å skriva ei samanliknande litteraturhistorie. Ho kasta eit feiande blikk over gresk og romersk litteratur, hoppa raskt over mellomalderen, som ho forakta, og oppheldt seg lenge ved italiensk og fransk renessanse før ho trekte dei litterære utviklingsteoriane sine. I moderne forstand held ikkje historia mål, mellom anna ved at ho tok svært lett på dokumentasjonen, men det som var viktig for henne, og som har interesse for ettertida, er dei tre tesene som utgjorde kjernen i kultur- og samfunnsoppfatninga hennar:[15]
Medan dei to fyrste tesene peika bakover, peika den siste framover, og oppfordra til ein revisjon av dei tidlegare vurderingane til litteraturhistoria. Ei forsiktig neddemping av beundringa for dei store klassikarane, og ei høgare vurdering av dei store, ukultiverte geniusane, den norrøne sagalitteraturen, Ossian og tyske og engelske forfattarar. Det var eit optimistisk framtidssyn om ein komande klassisk-romantisk litteratur, også prega av dei nordamerikanske fristatane og det republikansk-romantiske Frankrike.[16]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.