Gazastripa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gazastripa (arabisk قطاع غزة Qiṭāʿ Ġazzah), eller berre Gaza, er eit sjølvstyrt område på austkysten av Middelhavet med ei 11 km lang grense til Egypt i sørvest og ei 51 km lang grense mot Israel i aust og nord. Sidan 2007 har Gazastripa i røynda vore styrt av Hamas, ein palestinsk fraksjon som hevdar å vere rettmessige representantar for Dei palestinske sjølvstyresmaktene og det palestinske folket. I 2012 anerkjente Dei sameinte nasjonane Gazastripa som ein del av Staten Palestina. Eit felles styre vart eidfesta den 2. juni 2014.[2]
- «Gaza» omdirigerer hit. For byen, sjå Gaza by.
Gazastripa | |||
region | |||
Land | Mal:Landdata Palestina, Den sameinte arabiske republikken, Israels okkuperte områder, Det palestinske området, occupation of the Gaza Strip by the United Arab Republic | ||
---|---|---|---|
Del av | Dei palestinske territoria | ||
Koordinatar | 31°25′N 34°20′E | ||
Areal | 365 km² | ||
Folketal | 2 098 389 (2023)[1] | ||
Gazastripa 31.45°N 34.4°E / 31.45; 34.4 | |||
| |||
Gazastripa og våpenkvilelinja fra 1950
| |||
Wikimedia Commons: Gaza Strip | |||
Sunnimuslimar utgjer den største delen av den palestinske folkesetnaden på Gazastripa, som har ein årleg folkevekst på 3,01%, den 9. høgaste i verda.[3] Området er 41 km langt, og frå 6 til 12 km breitt, med ei samla flatevidd på 365 kvadratkilometer.[4] I 2014 var folketalet på Gazastripa kring 1,82 million innbyggjarar.[3]
Gazastripa oppnådde den nordlege og austlege grensa då kampane slutta etter krigen i 1948, og dette vart stadfesta i den egyptisk-israelske våpenkvileavtalen den 24. februar 1949.[5] Artikkel V i avtalen erklærte at grenselinja ikkje var ei landegrense. Først vart Gazastripa offisielt administrert av All-Palestina-styret, som vart grunnlagd av Den arabiske ligaen i september 1948. All-Palestina på Gazastripa vart styrt av dei militære styresmaktene i Egypt, og fungerte som ein marionettstat, fram til området offisielt vart slått saman med Den sameinte arabiske republikken og oppløyst i 1959. Frå tida etter det all-palestinske styret vart oppløyst og fram til 1967, vart Gazastripa direkte administrert av ein egyptisk militærguvernør. Israel erobra Gazastripa frå Egypt i seksdagarskrigen i 1967. I høve Osloavtalen, som vart signert i 1993, vart Den palestinske sjølvstyresmakta forvaltingsorganet som styrte dei palestinske folkesentra, medan Israel hadde kontroll over luftrom, territorialfarvatn og grenseovergangar, utanom landgrensa mot Egypt. I 2005 trekte Israel seg ut frå Gazastripa. Sidan juli 2007, etter det palestinske valet i 2006 og Hamas tok over i 2007, har Hamas i røynda hatt makta på Gazastripa, og danna ei alternativ Hamas-regjering i Gaza. Staten Palestina gjer krav på Gazastripa, men forsoningssamtalar med Hamas har så langt ikkje ført fram.