The Wall Street Journal er ei internasjonal dagsavis som blir gjeven ut i New York. I 2006 hadde ho eit gjennomsnittleg dagleg opplag på over 2,1 mill., i tillegg til 400.000 abonnentar på nettutgåva.[6] Dette gjorde henne til den største avisa i USA etter USA Today. Sidan 1976 og 1983 har avisa hatt særlege utgåver i høvesvis Europa og Asia; desse utgåvene kom ut i eit opplag på kring 80.000 eksemplar kvar.

Kjappe fakta Land, Type ...
The Wall Street Journal
Thumb
LandUSA[1]
TypeDagsavis, vitskapleg tidsskrift
Grunnlagd8. Juli 1889
EigararDow Jones & Company
Grunnlegger(ar)Charles Dow, Edward Jones
UtgjevarDow Jones & Company[2]
SpråkEngelsk[1]
HovudkvarterNew York by
ISSN0099-9660,[3][1][4] 2574-9579[5]
OCLC4299067[1]
Nettstadhttps://www.wsj.com/ (engelsk), https://cn.wsj.com/ (kinesisk), https://jp.wsj.com/ (japansk), https://cn.wsj.com/zh-hant (standardmandarin), https://cn.wsj.com/zh-hans (standardmandarin)
Lukk
Thumb
Logo

Avisa var tidlegare eigd av Dow Jones & Company. 31. juli 2007 blei ho kjøpt for 5,8 milliardar dollar av mediemagnaten Rupert Murdoch og hans News Corporation, som allereie eigde eit verdsomspennande nettverk av aviser og tv-stasjonar, som Fox News.

The Wall Street Journal dekker først og fremst nyheiter og bakgrunnsstoff om amerikansk og internasjonalt næringsliv og finansverda. I tida mars–september 2009 var opplaget 2 024 269, ei stiging på 0,6 % på eit år. The Wall Street Journal var den einaste store avisa i USA som ikkje hadde synkande opplag i denne perioden.[7]

The Wall Street Journal har kome ut utan avbrot sidan ho blei grunnlagd av Charles Dow, Edward Jones og Charles Bergstresser den 8. juli 1889. Ho har vunne den prestisjefylte pulitzerprisen ei rekkje gonger.

Hovudkonkurrenten til Wall Street Journal er engelske Financial Times, som òg finst i fleire utgåver.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.