From Wikipedia, the free encyclopedia
Friends er det fjortande studioalbumet til The Beach Boys, gjeven ut i 1968.
Friends Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. juni 1968 | |
Innspelt | Februar til april 1968 | |
Sjanger | Pop, Rock, eksperimentell rock, folkemusikk, klassisk musikk, bossanova | |
Lengd | 25:30 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | The Beach Boys | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
Wild Honey (1967) |
Friends | Stack-O-Tracks (1968)
|
Arbeidet på albumet kom i gang i februar 1968 og Mike Love reiste like etter på ei to veker lang reise til India (i lag med The Beatles og Donovan) for å studere transcendental meditasjon med den nye læremeisteren deira Maharishi Mahesh Yogi. Då han var borte spelte resten av bandet, Brian Wilson, Dennis Wilson, Carl Wilson, Al Jardine og - no eit offisielt medlem - Bruce Johnston inn det meste av Friends i lag med nokre musikarar frå The Wrecking Crew.
Friends var det første Beach Boys-album med fleire songar frå Dennis Wilson, «Little Bird» og «Be Still»; førstnemnde hadde eit mellomspel med element frå «Child Is The Father Of The Man», ein song frå det då skrinlagte albumet Smile. Sjølv om heile bandet er tilskriven produksjonen av albumet, var dette det siste albumet der Brian Wilson var den dominerande kreative drivkrafta før Love You i 1977. Han var medlåtskrivar på nesten alle songane, bortsett frå dei den yngre broren skreiv.
I midten av mars kom Mike Love tilbake frå India og medverka med vokal på albumet. The Beach Boys la så ut på to amerikanske turnear, ein med Strawberry Alarm Clock og ein annan med Maharishi Mahesh Yogi sjølv (som læremeister). Begge turneane var kommersielle fiaskoar og vart raskt kansellert (etter at berre 200 menneske møtte opp i New York City).
Albumet var det første til Beach Boys som berre vart gjeven ut i stereo og kom ut i juni 1968. Det nådde berre 126. plass på den amerikanske albumlista og indikerte at tida deira var forbi i heimlandet. I Storbritannia nådde derimot albumet 13. plass.
Friends finst i dag på CD i lag med 20/20, samt bonusspor frå denne perioden.
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Meant for You» (Brian Wilson, Mike Love) | Mike Love | 0:38 |
2. | «Friends» (Brian Wilson/Carl Wilson/Dennis Wilson/Al Jardine) | Carl Wilson | 2:30 |
3. | «Wake the World» (Brian Wilson/Al Jardine) | Brian Wilson og Carl Wilson | 1:26 |
4. | «Be Here in the Mornin'» (Brian Wilson/Carl Wilson/Mike Love/Dennis Wilson/Al Jardine) | Alan Jardine [rask], Brian Wilson og Carl Wilson | 2:16 |
5. | «When a Man Needs a Woman» (Brian Wilson/Dennis Wilson/Carl Wilson/Al Jardine/Steve Korthof/Jon Parks) | Brian Wilson | 2:06 |
6. | «Passing By» (Brian Wilson) | Brian Wilson og Al Jardine | 2:23 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Anna Lee, the Healer» (Brian Wilson/Mike Love) | Mike Love | 1:51 |
8. | «Little Bird» (Dennis Wilson/Steve Kalinich/Brian Wilson) | Dennis Wilson | 1:57 |
9. | «Be Still» (Dennis Wilson) | Dennis Wilson/Steve Kalinich | 1:22 |
10. | «Busy Doin' Nothin'» (Brian Wilson) | Brian Wilson | 3:04 |
11. | «Diamond Head» (Al Vescovo/Lyle Ritz/Jim Ackley/Brian Wilson) | Instrumental | 3:37 |
12. | «Transcendental Meditation» (Brian Wilson/Mike Love/Al Jardine) | Brian Wilson og Alan Jardine | 1:49 |
Liste (1968) | Plassering |
---|---|
Britiske album (OCC)[9] | 13 |
US Billboard 200[10] | 126 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.