From Wikipedia, the free encyclopedia
Stack-O-Tracks er eit samlealbum av The Beach Boys som inneheld akkompagnementet til mange av dei mest kjende songane deira så langt i karrieren. Ei slik utgjeving var og framleis er relativ unik, særleg sidan det er snakk om eit heilt album.
Stack-O-Tracks Samlealbum av The Beach Boys | ||
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 19. august 1968 | |
Innspelt | juli 1963 til juni 1968 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 34:37 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Brian Wilson og The Beach Boys | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Beach Boys-kronologi | ||
Friends (1968) |
Stack-O-Tracks | 20/20 (1969)
|
Albumet kom ut i 1968 og var det tredje dette året etter Friends og samleplata Best of The Beach Boys Vol. 3. Stack-O-Tracks vart rekna som eit desperat forsøk frå Capitol Records på å selje Beach Boys-album. Strategien slo feil og Stack-O-Tracks vart det første Beach Boys-albumet som ikkje nådde den amerikanske albumlista. Fram til 1992 og Summer in Paradise var dette den einaste offisielle utgjevinga som klarte dette.
Albumet kom med eit hefte som synte basslinjer, vokalinjer, akkordar og tekstar og var ei gåve til dei som ønskte å høyre kva som låg bak dei fyldige vokalharmoniane. Stack-O-Tracks gjekk raskt ut av opplag og var ikkje mogeleg å få tak i på to tiår. I 1990 kom albumet på CD, men utan heftet som følgde med vinylutgåva. CD-utgåva er i lag med albumet Beach Boys' Party!, samt instrumental bonusspor.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Darlin'» | 2:12 |
2. | «Salt Lake City» | 1:58 |
3. | «Sloop John B» (Trad. arr. Brian Wilson) | 3:04 |
4. | «In My Room» (Brian Wilson/Gary Usher) | 2:13 |
5. | «Catch A Wave» | 2:00 |
6. | «Wild Honey» | 2:35 |
7. | «Little Saint Nick» | 1:49 |
8. | «Do It Again» | 2:11 |
9. | «Wouldn't It Be Nice» (Brian Wilson/Tony Asher/Mike Love) | 2:11 |
10. | «God Only Knows» (Brian Wilson/Tony Asher) | 2:37 |
11. | «Surfer Girl» (Brian Wilson) | 2:16 |
12. | «Little Honda» | 1:36 |
13. | «Here Today» (Brian Wilson/Tony Asher) | 3:06 |
14. | «You're So Good To Me» | 1:55 |
15. | «Let Him Run Wild» | 2:13 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.