![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0f/OspreyNASA.jpg/640px-OspreyNASA.jpg&w=640&q=50)
Fiskeørn
art av haukefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Fiskeørn (Pandion haliaetus) er den einaste medlemmen i familien fiskeørnar (Pandionidae). Ho er ein mellomstor rovfugl som lever nesten berre av fisk som ho tek i vassoverflata. Fiskeørna finst på alle kontinenta på jorda unnateke Antarktis. I Sør-Amerika lever ho som trekkfugl som ikkje hekkar.
Fiskeørn | |
![]() Fiskeørn klar til å stupe etter fangst | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av fiskeørn | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Fiskeørnfamilien Pandionidae |
Slekt: | Fiskeørner Pandion |
Art: | Fiskeørn P. haliaetus |
Vitskapleg namn | |
Pandion haliaetus |
Utsjånaden gjer at fuglen er lett å identifisere. Ørna har ljos (nesten kvit) underside med tydeleg markerte mørke «knokar» ved framkanten til vengene, svart nakke og overside av vengene.
Fiskeørna er veltilpassa levesettet sitt, med yttertær som vender bakover, nasebor som kan stengjast, og kvasse klør som hjelper ho til å halde fast fanga bytte. Når byttet er fanga, blir det alltid halde med hovudet framåt, så luftmotstanden skal vera minst mogleg.