Rovfuglar
fuglar som jaktar på og et virveldyr / From Wikipedia, the free encyclopedia
Rovfuglar er fuglar som i regelen jaktar føde i flukt eller med åtak frå lufta, med hjelp av spesialiserte sansar, særskilt synssansen. Dette er fuglar som jaktar virveldyr, inkludert andre fuglar. Klørne og nebba har tendens til å vere relativt store, kraftige og tilpassa for oppriving av kjøt. I dei fleste tilfella er hoene monaleg større enn hannane. På grunn av levesettet, ofte på toppen av næringskjeda, står dei overfor ulike trugsmål.
Mange fugleartar kan sjåast på som delvis eller utelukkande predatoriske, men som omgrep i ornitologi gjeld rovfugl berre ei avgrensa mengd fuglefamiliar som lista nedanfor.