From Wikipedia, the free encyclopedia
Finlandssvensk er eit fellesnamn på dei ulike austsvenske dialektane som finlandssvenskane talar. Svensk er morsmål for 290 977 (2012) i Finland, av ein samla folkesetnad på 5 426 674 (2012), og med det 5,4 % av heile folkesetnaden.[1] På Åland er 25 000 svensktalande (94 prosent av ålendingane), men ålandsk er nærmare i slekt med upplandsk enn med finlandssvensk.
Byane Helsingfors, Esbo, Raseborg, Borgå og Vasa har 35,9 % av den finlandssvenske folkemengda.
Svensk er offisielt språk på Åland og eitt av Finlands to offisielle språk.
Finland har ni svenskspråklege aviser, og den statlege kringkastaren Yle har ein svenskspråkleg TV-kanal og to svenskspråklege radiokanalar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.