From Wikipedia, the free encyclopedia
Finlandssvenskar eller austsvenskar er personar som talar svensk språk eller finlandssvensk i Finland. I Finland er delen svenskspråklege 5,58 prosent (2002) om Åland vert teke med. I 1809 ved avskiljinga frå Sverige var delen 33 %[treng kjelde] og i 1918 då Finland vart sjølstendig var delen svenskspråklege 18 %. Utvandring til det rikare Sverige og språkbyte til finsk har redusert delen svenskspråklege. Finland (utanom Åland) har to offisielle språk, finsk og svensk.
Vidgjetne finlandssvenskar er til dømes Linus Torvalds, skaparen av Linux, komponisten Jean Sibelius, feltmarskalk/president Carl Gustav Emil Mannerheim, finskdomsrørsla sin leiar Johan Vilhelm Snellman, forfattarane Tove Jansson, Johan Ludvig Runeberg og Edith Södergran, rally-førar Marcus Grönholm og Michael Widenius, skaparen av MySQL.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.