![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e6/Poljud_panorama_2.jpg/640px-Poljud_panorama_2.jpg&w=640&q=50)
EM i friidrett 1990
From Wikipedia, the free encyclopedia
Europameisterskapen i friidrett 1990 vart avvikla i Split frå 26. august til 2. september 1990. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 19 for kvinner.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e6/Poljud_panorama_2.jpg/640px-Poljud_panorama_2.jpg)
Frankrike sitt lag på 4x100 meter stafett for menn sette ny verdsrekord med tida 37,79 sekundar. Storbritannia sitt lag på 4x400 meter stafett for menn sprang inn på ny europarekord, 2.58,22.
Under denne meisterskapen deltok for siste gong to tyske nasjonslag. Ein månad før den tyske gjenforeininga representerte idrettsfolk DDR for aller siste gong i ein internasjonal meisterskap.
Noreg kom på delt 14. plass i medaljekampen med ein sølv og ein bronse. Dei norske medaljevinnarane var:
- Are Nakkim: Sølv på 10 000 m (28.04,0)
- Georg Andersen Bronse i kulestøyt (20,71 m)