From Wikipedia, the free encyclopedia
Rosa Maria Correia dos Santos Mota (fødd 29. juni 1958) er ein portugisisk tidlegare langdistanseløpar frå Porto som i 1987 vart verdsmeister og 1988 olympisk meister i maratonløping. Ho vann elles dei tre fyrste maratonløpa for kvinner i europameisterskap; 1982. 1986 og 1990.
Rosa Mota | |
Statsborgarskap | Portugal |
Fødd | 29. juni 1958 (66 år) Porto |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1988 Summer Olympics – women's marathon, Friidrett under Sommer-OL 1984 – Maraton kvinner, 1987 World Championships in Athletics – Women's Marathon, EM i friidrett 1982 – Maraton damer, EM i friidrett 1986 – Maraton damer, 1990 European Athletics Championships – Women's Marathon |
Utmerkingar | ridder av Infante Dom Henriks orden, offiser av Infante Dom Henriks orden, storkorset av Infante Dom Henriks orden, Fortjenstordenen |
Under EM 1982 i Aten sprang kvinner maraton i ein internasjonalt meisterskap for aller fyrste gong. På dei siste kilometerane av løpet stod medaljekampen mellom italienske Laura Fogli, norske Ingrid Kristiansen og Rosa Mota. Mota drog til sist ifrå og vann med ein margin på 25 og 35 sekundar til Fogli og til Kristiansen. Året etter måtte Mota nøye seg med fjerdeplassen på maraton ved VM i Helsinki, litt over halvminuttet bakom sølv- og bronsemedaljørane. Under sommarleikane 1984 i Los Angeles sprang ho inn til bronse, 39 sekundar bak sølvvinnar Grete Waitz og 37 sekundar framom Ingrid Kristiansen på fjerdeplass. I 1985 sprang Mota sitt livs kjappaste maraton då ho i Chicago Marathon kom i mål på tida 2.23.29, ho vart likevel slått av Joan Benoit frå USA og Ingrid Kristiansen.
Både i EM 1986 i Stuttgart og i VM 1987 i Roma var Mota i ei eiga klasse i kvinnene sitt maratonløp, i Stuttgart kom ho i mål fire minuttar før nummer to og i Roma passerte ho målstreken meir ein sju minuttar føre sølvmedaljøren. Derimot vart det tette oppgjer då ho vann den olympisk gullmedaljen i Seoul hausten 1988 og då ho i 1990 for andre gong forsvarte EM-tittelen i maraton.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.