From Wikipedia, the free encyclopedia
Alain Blondel (fødd 7. desember 1962) er ein fransk tidlegare mangekjempar frå Le Petit-Quevilly i Seine-Maritime-departementet som i 1994 vart europameister i tikamp.
Alain Blondel | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 7. desember 1962 (61 år) Le Petit-Quevilly |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Perioden 1986-90 høyrde Blondel med mellom verdstoppane i tikamp, utan å nå heilt opp i medaljestriden under dei største internasjonale tevlingane. Etter eit par svakare sesongar, kom han i 1993 tilbake i verdstoppen med personbeste på 8 444 poeng og femteplass ved verdsmeisterskapen i Stuttgart. Under EM 1994 forbetra han den personlege rekorden med ni poeng til 8 453 og vann ein rimeleg klar siger, 91 poeng føre Henrik Dagård frå Sverige.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.